From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein trio er eit musikalsk ensemble sett saman av tre musikarar, eller eit musikkstykke skrive med tre sjølvstendige stemmer for eit slikt ensemble.[1] Tersett er eit tilsvarande uttrykk for eit stykke for tre songstemmer.
I klassisk musikk viser pianotrio normalt til ein trio for klaver, fiolin og cello, medan ein stryketrio ofte er for fiolin, bratsj og cello, eller to fiolinar og ein cello.[2]
I jazz består ein trio ofte av piano og ein rytmeseksjon med trommer og bass, medan ein i trio i rock ofte kan vere elektrisk gitar, bassgitar og trommer, då ofte kalla ein powertrio.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.