From Wikipedia, the free encyclopedia
Tresfjord er ei bygd i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tresfjord var tidlegare og ein kommune. Bygdesenteret ligg på Sylte. Bygda er eit kjent turmål, og fjellet Lauparen (1434 moh.) trekkjer til seg fotturistar frå heile landsdelen.
Tresfjord | |||
stad | |||
Utsikt frå Lauparen, Tresfjorden og Tresfjord til venstre. Foto: per | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Vestnes | ||
Postnummer | 6391 Tresfjord | ||
Tresfjord 62.520556°N 7.123056°E | |||
Wikimedia Commons: Tresfjord (village) | |||
Kommunen var opphavleg (frå 1837) del av Vestnes formannskapsdistrikt. Han vart skilt ut som eiga eining med namnet Sylte kommune (uttale: Silté) frå 1. januar 1899. Han hadde då 1 408 innbyggjarar. 28. april 1922 vart kommunenamnet ved Kongeleg resolusjon endra frå Sylte til Tresfjord. 1. januar 1964 vart Tresfjord kommune slått saman med Vestnes kommune til den nye Vestnes kommune. Tresfjord hadde ved samanslåinga 1 319 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Sylte/Tresfjord kommune frå 1899 til 1964:
I Tresfjord finst ein liten karateklubb som har vist gode resultat nasjonalt. Spesielt Geir Magne Brastad har utmerkt seg med medaljar i så vel EM som US Open.
Tine meierier produserer ridderost ved meieriet i Tresfjord [6].
Konrad Nerheim var frå Tresfjord.
Bygda Tresfjord gjekk tidlegare inn under SSB sin definisjon av tettstad.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.