From Wikipedia, the free encyclopedia
Trafikklys er eit signalsystem innan trafikk som nytter lys i ulike fargar, symbol og i nokre høve tekst. Dei regulerer oppførselen til trafikantar ved å oppmoda ulike grupper av dei til å stoppa, gå eller køyra. Trafikklys over heile verda nytter grøn farge for å signalisera at ein kan passera det og raudt for at ein skal stoppa. Gult lys tyder som regel at lyset er i ferd med å endra seg, og kan ha ulike reglar knytt til seg i ulike land.
Ein del stader finst eigne trafikklys for syklar som viser ein raud eller grøn sykkel, gjerne i lag med eigne sykkelfelt. Syklistar følgjer elles trafikklysa for bilar. Dei blir rekna som fotgjengarar berre dersom dei leier sykkelen..[1]
Lyssignal for fotgjengarar kan ha ulik utforming, men viser ofte ein raud person som står stille og ein grøn person som går. Grønt lysande fotgjengarsymbol indikerer at annan trafikk venter på fotgjengarar som skal over vegen. Raudt lysende fotgjengarsymbol indikerer at fotgjengarar skal venta til lysindikatoren skifter til grønt. I Noreg er det lovleg å gå på raudt lys så lenge ein ikkje er til hinder for køyrande, og dette ikkje inneber fare.[2] I mange andre land som Australia, Danmark, Tyskland og USA er det forbod mot å gå på raudt lys.
Kollektivfelt har eigne trafikklys. I Noreg består desse av kvite signal der «S» betyr stopp, «–» representerer fargen gult på eit vanleg trafikklys og «|» eller ei pil mot høgre eller venstre representerer fargen grøn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.