Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Toten er eit område søraust i Oppland, vest for innsjøen Mjøsa. Det omfattar kommunane Østre og Vestre Toten, med 14 465 og 12 723 innbyggjarar. Dei har flatemål på 561 og 249 km², til saman 810 km². Administrasjonssenteret i Vestre Toten er Raufoss, og i Østre Toten Lena. Historisk sett høyrde òg Biri og Vardal, no delar av Gjøvik kommune, til Toten futedøme, men det er ikkje lenger vanleg å rekne desse til Toten. Toten prosti femner også Gjøvik kommune.[1]
Toten | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Toten 60.6782°N 10.7482°E |
Gustav Indrebø meinte namnet kom av det norrøne Þóttr som tyder godtokke, hugnad, «den trivelegaste bygda».[2]
Toten var del av eit lite kongerike i tidleg vikingtid og Halvdan Kvitbein var den mest kjende kongen som styrte der.[treng kjelde]
Toten har tradisjonelt vore eit av Noregs største jordbruksområde, medan industriparken på Raufoss er eit av dei største industrisentera i innlandet i Noreg.
Dialekten på Toten høyrer til opplandsmåla av austlandsk. Totenmålet har halde på dativ[3] og har samsvarsbøying i adjektiv og perfektum partisipp. Eit døme: «Totninger er namnet på innbyggera i dei to Totenkommuna Vestre Toten og Øystre Toten. Generelt for totninger er at dom talar totning. Ellers er det sagt at det tæk tid å vara totning.»
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.