norsk forfattar og biletkunstnar From Wikipedia, the free encyclopedia
Torill Thorstad Hauger (22. november 1943–4. juli 2014)[1] var ein norsk forfattar og biletkunstnar.
Torill Thorstad Hauger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. november 1943 Oslo |
Død |
4. juli 2014 (70 år) |
Yrke | skribent, illustratør, barnebokforfattar |
Sjanger | barne- og ungdomslitteratur |
Hauger var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, og studerte etnologi, folkeminne og nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo
I perioden 1970–75 arbeidde Hauger ved Oldsaksamlingen ved Historisk Museum i Oslo. I denne tida arrangerte ho utstillingar på museet om vikingtida, i tillegg til å driva med guiding av vitjande.
Dei fleste av bøkene hennar er for barn og ungdom, og har handling frå ulike historiske periodar, ofte frå vikingtida. Deu fem bøkene Røvet av vikinger, Flukten fra vikingene, Sigurd Drakedreperen,Tord Illugesson og Ravnejenta har handling frå det same miljøet, men sett frå ulike vinklar. I dei to første bøkene ligg synsvinkelen hjå irske trælar, i den tredje hjå en jarleson og i Ravnejenta hjå ei jente som har lækjande evner, og lever utanfor samfunnet.
Filmen Sigurd Dragedreper frå 1989 byggjer på romanen Sigurd Drakedreperen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.