From Wikipedia, the free encyclopedia
Touraj Keshtkar, kjend som Tooji Keshtkar eller berre Tooji, (fødd 26. mai 1987 i Shiraz) er ein norsk songar, modell og programleiar. Då han var eitt år kom han til Noreg frå Iran saman med mora Lily.
Tooji | |||
Fødd | 26. mai 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Shiraz | ||
Opphav | Iran, Noreg | ||
Aktiv | 2008– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | programleiar, songar, sosialarbeidar, modell | ||
Mor | Lily Bandehy |
Han starta å jobbe som modell då han var 16 år og etter å ha jobba som modell starta han som programleiar for Super Saturday og Toojis Top 10 på MTV Norge. I 2008 starta han med musikk og gav mellom anna ut singelen «Swan Song».
Han enda på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Stay» og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk han vidare til gullfinalen og vann Melodi Grand Prix 2012. Han fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012.
Tooji deltok i den andre semifinalen i Baku den 24. mai 2012 med «Stay». Songen gjekk vidare til finalen, men enda på ein absolutt sisteplass med 7 poeng.
Saman med Margrethe Røed var han programleiar for Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum 1. september 2012.[1] Tooji vart vald ut som programleiar etter at Vegard Olsen måtte trekkje seg av di han arrangerte ein fest der aktivistgruppa Fuck for Forest deltok.[1][2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.