tettstad i Vestnes From Wikipedia, the free encyclopedia
Tomra eller Tomrefjord er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av botnen av Tomrefjorden og har 1 095 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Tomra | |||
Tomrefjord | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Vestnes | ||
Areal | 1,53 km² | ||
Folketal | 1 095 (2023) | ||
Folketettleik | 716 / km² | ||
Postnummer | 6393 TOMREFJORD | ||
Tomra 62.581111111111°N 6.9308333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tomrefjord | |||
Tettstaden har mellom anna skipsverftet Vard Langsten og konfeksjonsindustri.[1] Tettstaden har idrettsanlegg med kunstgrasbane, symjehall, innandørs idrettshall og utandørs sports-amfi. Det lokale samfunnshuset heiter Idahall. Messingkorpsa Tomra Brass Band og Tomrefjord skulekorps her begge base i bygda. Det er hyttefelt på Tomrefjellet, i områda kring Svartløkvatnet. Det lokale idrettslaget, Tomrefjord Idrettslag, vart stifta i 1921.
Nokre kilometer opp frå bygda er det mange mil med langrennsløyper, varmestover og lysløype. Desse løypene er mykje brukt om vinteren både av Romsdalsbygda og nabobygdene på Sunnmøre.
Tomrefjord er fødestaden til forretningsmannen Bjørn Rune Gjelsten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.