Toggenburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toggenburg er den øvre dalen i Thur i kantonen St. Gallen i Sveits. Dalen er òg ein valkrins i kantonen.
Dalen går nordvestover frå vassdraget mellom Rhinen og Thur, og grensar i aust til Säntis og i sørvest til Churfirsten og Speer. Det er ein frodig dal som er kring 45 km lang frå kjelda til elva Wil ved jernbanelinja mellom Winterthur and St. Gallen.
Den høgasteliggande landsbyen i dalen er Wildhaus der den sveitsiske reformatoren Huldrych Zwingli vart fødd i 1484. Andre landsbyar er Lichtensteig, Kirchberg og Wattwil.
Dei 16 kommunane i valkrinsen er Bütschwil, Ebnat-Kappel, Ganterschwil, Hemberg, Kirchberg, Krinau, Lichtensteig, Lütisburg, Mosnang, Neckertal, Nesslau-Krummenau, Oberhelfenschwil, Stein, Wattwil og Wildhaus-Alt St. Johann.
Remove ads
Valkrinsen Toggenburg

Valkrinsen Toggenburg vart danna då den nye kantonsskipnaden av 10. juni 2001 tredde i kraft frå 2003. I valkrinsen på 489 km² budde 45 056 menneske i 2010.
Valkrinsen omfattar 14 kommunar. Dei to mest folkerike kommunane i valkrinsen har kvar vel 8 000 innbyggjarar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Toggenburg» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
Bakgrunnsstoff
- Turistinfirmasjon Arkivert 2011-03-01 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


