From Wikipedia, the free encyclopedia
Tjukk l eller retrofleks flapp er ein språklyd som mellom anna finst i norske dialektar på Austlandet, Trøndelag, på Helgeland og opp til Nord-Salten og enkelte andre stader. Lyden blir danna ved at ein krøller tunga litt bakover og rettar henne ut igjen. På vegen framover slår tungespissen over den fremre delen av ganen. (eksempel: njeet)
IPA-teikn | ɽ |
IPA-nummer | 125 |
Entitet (desimal) | ɽ |
Unicode (hex) | U+027D |
X-SAMPA |
|
Kirschenbaum | *. |
I IPA skriv ein lyden som [ɽ]. I norsk lydskrift skriv ein gjerne lyden med teiknet ł̣. I norsk har tjukk l oppstått av norrøn l (sól) eller rð (garð). I ytterområda for tjukk l finn ein /suːɽ/ og /ɡɑːɾ/.
Tjukk l kan både bli brukt for gamalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gamalnorsk rð i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to tjukk l-typane fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei det same området. Vestnorsk har ikkje tjukk l.
Andre språk:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.