Tiwai Point er eit nes som ligg ved inngangen til Bluff Harbour på sørkysten av SørøyaNew Zealand. Det strekkjer seg ut frå den vestlege enden av Awarua Plains, ligg mellom Awarua Bay i nord og Foveaux-sundet i sør. Her ligg aluminiumsverket Tiwai Point Aluminium Smelter, eit av dei største industriføretaka på New Zealand.[1]

Kjappe fakta Land, Region ...
Tiwai Point
Thumb
Awarua Plains (øverst), Tiwai Point (senter) og Bluff (nede til venstre) sett frå Den Internasjonale Romstasjonen i 2008.
Land  New Zealand
Region Southland
Distrikt Invercargill
Thumb
Tiwai Point
46.59803333°S 168.36410556°E / -46.59803333; 168.36410556
Lukk

Tiwai Rocks fuglevernområde

Klippene i enden av Tiwai Point vert sett på som eit viktig område for fugleliv av BirdLife International fordi dei er heimen til ein hekkande koloni av foveauxskarv (Leucocarbo chalconotus)[2].

Trua insekt

Tiwai Point er ein av dei to attverande stadane der den kritisk trua møllen Asaphodes frivola lever.[3] A. frivola står i stor fåre for å døy ut, og har allereie vorte borte frå ein av dei tre kjende lokalitetane sine.[4] Hovudpopulasjonen held til i eit område ved Tiwai Point på mindre enn 25 m² med kystvegetasjon.

Referansar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.