From Wikipedia, the free encyclopedia
Titus Flavius Vespasianus (30. desember 39–13. september 81), eller berre Titus, var ein romersk keisar frå år 79 til år 81.
Titus | |||
| |||
Keisar av Romarriket | |||
Periode | 79-81 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 30. desember 39 | ||
Fødestad | Roma | ||
Død | 13. september 81 | ||
Dødsstad | Aquae Cutiliae | ||
Mor | Domitilla den eldre | ||
Far | Vespasian av Romarriket | ||
Ektefelle | Arrecina Tertulla, Marcia Furnella | ||
Sambuar | Berenike | ||
Barn | Giulia, Flavia | ||
Føregangar | Vespasian | ||
Etterfølgjar | Domitian |
Før han blei keisar, vann Titus seg ry som militær kommandør. Han tente under faren sin i Judea under den første romersk-jødiske krigen. Då Vespasian blei utropt til keisar i år 69, fekk Titus ansvaret for å slå ned det jødiske opprøret. I år 70 omleira og erobra han Jerusalem, og la byen og det andre tempelet i ruinar. Deretter blei Titus æra med ein triumf og minna med ein triumfboge i Roma.
Han etterfølgde far sin, Vespasian, etter at han døydde, og blei dermed den første romerske keisaren som etterfølgde sin eigen biologiske far. Som keisar er Titus best kjend for å fullføra Colosseum og for sjenerøsiteten sin etter to ulukker, vulkanutbrotet til Vesuv i år 79 og ein brann i Roma i år 80.
Titus var fødd i Roma, truleg den 30. desember år 39, som den eldste sonen til Titus Flavius Vespasianus —vanlegvis kjend som keisar Vespasian — og Domitilla den eldre.[1] Han hadde ei yngre syster, Domitilla den yngre (fødd år 45), og ein yngre bror, Titus Flavius Domitianus (fødd 51), kjend som Domitian.
Titus døydde etter knappe to år i embetet. Han blei erklært som gud av det romerske senatet og etterfølgd av den yngre bror sin, Domitian.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.