Timianslekta (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar. Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.
Timianslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Timianslekta Thymus L., 1753 |
Artar
Fleire artar og underartar er registrerte i Noreg:[1][2]
- Bakketimian (T. pulegioides), nær truga (NT) i Raudlista 2021[3]
- Kryptimian (T. praecox), sårbar (VU),[3] med underartane
- Nominatunderarten hagekryptimian (T.p. ssp. praecox), framandart, låg risiko (LO)[4]
- Norsk timian (T.p. ssp. britannicus), sårbar (VU)[3]
- Småtimian (T. serpyllum), nær truga (NT),[3] med underartane
- Nominatunderarten smaltimian (T.s. ssp. serpyllum), kritisk truga (CR)[3]
- Tanatimian (T.s. ssp. tanaënsis), nær truga (NT)[3]
- Kryddertimian (T. vulgaris), framandart, ikkje risikovudert
- Austerriksk timian (T. odoratissimus), framandart, berre einskildfunn, ikkje risikovudert
Bruk
Kryddertimian og sitrontimian (T. ×citriodorus) vert mykje brukt som krydder. Småtimian og somme andre artar eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.
Ein nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.
Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.