From Wikipedia, the free encyclopedia
Thurston Island er ei isdekt øy som ligg like nordvest for Ellsworth Land i Antarktis. Ho er 215 km lang, 90 km brei og dekkjer eit areal på 15 700 km². Ho er den tredje største øya i Antarktis, etter Aleksanderøya og Berkner Island. Mellom øya og fastlandet ligg Peacock Sound, som er dekt av den vestlege delen av Abbot isbrem.[1]
Thurston Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 72°6′S 99°0′W | ||
Høgaste punkt | Mount Howell | ||
• høgd | 750 moh. | ||
Lengd | 215 km | ||
Areal | 15 700 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Thurston Island 72.23°S 98.615277777778°W | |||
Wikimedia Commons: Thurston Island | |||
Øya vart oppdaga frå lufta av kontreadmiral Byrd den 27. februar 1940, som namngav øya etter W. Harris Thurston, ein tekstilprodusent i New York, som designa den vindtette «Byrd Cloth» og som støtta antarktisekspedisjonane økonomisk.
Ho vart opphavleg kartlagd som ei halvøy og det vart ikkje oppdaga at ho var ei øy før 1960.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.