Thomas Edison
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thomas Alva Edison (11. februar 1847–18. oktober 1931) var ein USA-amerikansk oppfinnar og forretningsmann. Trollmannen frå Menlo Park stod for fleire banebrytande oppfinningar, som forbetring av fonografen[1]. Edison var kjend for å æra for oppfinningane til assistentane sin, og til andre oppfinnarar. Det var til dømes ikkje Edison som fann opp det elektriske ljoset. Det var fleire som hadde arbeid med elektrisk ljor før Edison, som til dømes James Bowman Lindsay, Moses G. Farmer, William E. Sawyer, Joseph Swan og Heinrich Göbel. Men det var Edison som fyrst klarte å laga ein versjon som kunne produserast industrielt.
Thomas Edison | |||
![]() | |||
Fødd | Thomas Alva Edison 11. februar 1847 Milan | ||
---|---|---|---|
Død | 18. oktober 1931 West Orange | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | Oppfinningar, entreprenørskap, elektroteknikk, ingeniørvitskap, oppfinnar, gründer | ||
Yrke | ingeniør, oppfinnar, gründer, forretningsdrivande, fysikar, filmprodusent, filmregissør | ||
Institusjonar | General Electric Continental Edison | ||
Alma mater | Cooper Union for the Advancement of Science and Art | ||
Ektefelle | Mary Stilwell Edison, Mina Miller | ||
Medlem | National Academy of Sciences |
Edison var fødd i Milan i staten Ohio, og voks opp i Port Huron i Michigan. Han hadde vore tunghøyrt sidan tidleg i oppveksten då han vart tilsett som telegrafist på 1860-talet. Før han saman med faren sette opp laboratoriet i Menlo Park i 1876, der han gjorde størstedelen av oppfinningane sine, hadde han selt snop på jarnbanen, arbeidd som griseslaktar og vore grønsakshandlar.
I alt 1 093 patent vart registrerte i Edison sitt namn, men mange av desse var betringar av gamle patent, og Edison var illgjeten for å taka æra åt assistentane sine når dei gjorde oppfinningar. Ein av desse assistentane var Nikola Tesla, som braut med Edison og etter kvart gjorde stor lukke for seg sjølv.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.