From Wikipedia, the free encyclopedia
Theodor Kallifatides (fødd 12. mars 1938) er ein svensk forfattar og kulturperson. Han skriv på svensk. I 2000 blei Kallifatides tildelt ærestittelen Professors namn av den svenske regjeringa. Kallifatides er fødd i landsbyen Molai på halvøya Peloponnes i Hellas. Etter artium i 1956 arbeidde Kallifatides som skodespelar og avtente verneplikta. Kallifatides kom til Sverige i 1964. Han fekk fyrst småjobbar, lærte svensk og studerte filosofi. Han blei Cand.mag. i 1967. Han arbeidde som fiosofilærar i vidaregåande skule i Täby åra 1967-1969 på universitetet i Stockholm 1969-1972. Kallifatides var ansvarleg redaktør for tidsskriftet Bonniers litterära magasin mellom 1972 og 1976.
Theodor Kallifatides | |
Statsborgarskap | Hellas, Sverige |
Fødd | 12. mars 1938 (86 år) Molái |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, omsetjar, skribent, lyrikar, skodespelar |
Born | Markus Kallifatides |
Theodor Kallifatides på Commons |
Kallifatides debuterte som lyrikar, men han fekk sitt store gjennombrot med ein romantrilogi om livet i landsbyen Jalos under og etter den greske borgarkrigen. Fyrste del Bønder og herrer (1973) kom ut i norsk omsetjing i 1975.[1] I slutten av 1970-åra følgde fire romanar om kjærleik. Eit tema som forfattaren kjem attende til er situasjonen til innvandrarar i Sverige. Kallifatides har òg skrive kriminalromanar, historiske romanar, samt reiseskildringar og reportasjebøker. Bøkene hans er omset til gresk, engelsk og fransk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.