kanadisk musikkprodusent og songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Abel Makkonen Tesfaye (fødd 16. februar 1990), betre kjend som The Weeknd, er ein canadisk R&B-sangar, songskrivar og musikkprodusent.[1] Låtane hans har motteke brei heider blant musikkritikarar for sin musikalske allsidigheit og mørke lyrikk.[2] Tekstane handlar ofte om kjærleik, frustrasjonar, festar o.l., ofte med direkte eller indirekte referansar til narkotika i songane hans. Sjølv om han hovudsakleg vert kategorisert som R&B, er han ein del av ein ny sjanger, som mellom anna Drake og Frank Ocean er ein del av – Alternativ R&B,[3][4] som innarbeider elektroniske og meir minimalistiske element. Tesfaye har motteke fleire prisar og utmerkingar gjennom karrieren sin, høvesvis tre Grammyprisar, seks American Music Awards, 19 Billboard Music Awards, to MTV Video Music Awards, 15 Juno-prisar, og har vore nominert til ein Oscar.[5]
The Weeknd | |||
| |||
Fødd | 16. februar 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto, Scarborough | ||
Fødenamn | Abel Makkonen Tesfaye | ||
Alias | The Weeknd | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 2009– | ||
Sjanger | alternativ R&B, pop, moderne R&B, Hiphop, new wave | ||
Instrument | piano, vokal, tangentinstrument, bassgitar, gitar, trommesett | ||
Plateselskap | Republic Records, XO | ||
Verka som | songar, låtskrivar, musikkprodusent, skodespelar, forretningsdrivande, songtekstforfattar | ||
Sambuar med | Bella Hadid, Selena Gomez, Bella Hadid | ||
Prisar | Juno Award for Breakthrough Artist of the Year, Juno Award for R&B/Soul Recording of the Year, BET Centric Award, Grammy Award for Best Progressive R&B Album, Canada’s Walk of Fame, American Music Award, People's Choice Awards, MTV Europe Music Awards, Billboard Music Awards, Juno Award for Artist of the Year, Juno Award for Artist of the Year |
Tesfaye byrja karrieren sin i 2009 ved å gjeva ut musikk på YouTube, under pseudonymet The Weeknd for å vera anonym. To år seinare var han med på å grunnleggja plateselskapet XO, der han gav ut dei kritikarroste mixteipane House of Balloons, Thursday og Echoes of Silence. Han oppnådde snøgt merksemd som fylgje av den dystre R&B-stilen og mystikken bak låtane og identiteten hans.[6] I 2012 inngjekk Tesfaye ein kontrakt med Republic Records, som attgav dei tre mixteipane i eit samlingsalbum – Trilogy.[7] Det fyrste albumet, Kiss Land vart gjeve ut i 2013. Singelen «Earned It» frå ljodsporet til filmen Fifty Shades of Grey (2015) vann ein Grammy for «Best R&B Performance» ('beste R&B framsyning') og vart nominert til ein Oscar for beste song.[8]
Tesfaye oppnådde kommersiell og kunstnerisk suksess med det andre studiealbumet hans Beauty Behind the Madness frå 2015. Albumet, som inneheldt singelane «Can't Feel My Face» og «The Hills», vart nr. 1 på amerikanske Billboard 200 og var blant det beste seljande album for det året. Albumet mottok ein Grammy for «Best Progressive R&B Album» ('beste progressive R&B album') og vart nominert til «Album of the Year» ('årets album').[9] Det tredje studiealbumet Starboy (2016) oppnådde likeeins kommersiell suksess og inneheldt singelen «Starboy», som nådde nr. 1 på singelhitlista. Starboy mottok òg ein Grammypris for «Best Urban Contemporary Album» ('beste samtidsalbum av ein fleirkulturell'). I 2020 vart det fjerde studiealbumet gjeve ut i ein new wave-pop stil. Albumet After Hours inneheldt nr. 1 hitane «Heartless», «Blinding Lights» og «Save Your Tears».[10]
The Weeknd har vorte samanlikna med Prince til Michael Jackson, og han har sjølv uttala at han ser Jackson som den største vokalinspirasjonen sin, særskild songen «Dirty Diana».[11] I 2011 gav han ut eit cover av Michael Jackson sin megahit «Dirty Diana». Singelen «Blinding Lights» vart kjeven ut i november 2019, og har i etterkant skapa ein 'synthwave' som har inspirert mange artistar til å laga liknande songar.
Den 7. februar 2021 opptredde The Weeknd på den største musikkscena i verda Superbowl halftimeshow. Her song han nokre av dei største hitane sine. Der vart òg gjeve ut eit samlingsalbum til høve. Albumet inneheldt songar frå både After hours, Starboy, Beauty behind the madness og dessutan House of balloons.[12]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.