dataspel frå 2000 From Wikipedia, the free encyclopedia
The Sims er eit strategi-simulasjons dataspel utvikla av Maxis og gjeve ut av Electronic Arts. Utviklinga vart i hovudsak leia av Will Wright, som òg skapte SimCity. Spelet kom ut i februar 2000. Spelaren styrer virtuelle personar, kalla simmar, i dagleglivet deira.
The Sims | |||
| |||
Utviklar(ar) | Maxis | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Electronic Arts | ||
Skapar | Will Wright | ||
Design(ar) | Will Wright | ||
Komponist(ar) | Jerry Martin | ||
Serie | The Sims | ||
Spelmotor | proprietær spillmotor | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, Mac OS, PlayStation 2, Xbox, GameCube | ||
Utgjeving | Windows NA: 4. februar 2000 Macintosh NA: 25.juli 2000 PAL: 15.august 2001 PlayStation 2 NA: 12.januar 2003 PAL: 31.januar 2003 Xbox NA: 24.mars 2003 PAL: 4.april 2003 GameCube NA: 25.mars 2003 PAL: 4.april 2003 EU: 21.september 2003 | ||
Sjanger | Livssimulering | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Medium | DVD | ||
Stødde einingar | tastatur, datamus | ||
Nettstad | http://www.thesims.com | ||
Del av serien The Sims-serien⠀ | |||
The Sims 2→ |
Etterfølgjaren, The Sims 2, kom ut i 2004.
I The Sims skal ein kontrollere virtuelle personar, kalla «simmar» (simulation people - simulerte folk) i ein familie, der du bestemmer kva dei skal gjere og korleis dei skal ha det. Kvar sim har 8 forskjellige behov (det varierer litt på dei forskjellige aldersstega); svolt, hygiene, blære, sosial, energi, komfort, moro og miljø. Kor bra behova er stetta verkar inn på humøret deira. Dei har også ynske som spelaren kan prøve å oppfylle, og suter som ein må prøve å sløkkje. Ynska verkar også inn på humøret. Om ein simm er i godt humør kan det føre til at simmen vert forfremja på jobben og ein får betre råd til kjøpe nye ting til huset. Om ein Simm er i dårleg humør, kan det gå ut over arbeidet eller skulekarakterane. I verste fall kan ein vaksen simm miste jobben.
The Sims er eit av dei mest utvida dataspela noko sinne og har fått til saman sju tilleggspakkar. Desse tilfører spelet meir innhald, som nye møblar, figurar og funksjonar.
Musikken på spelet blei komponert av Jerry Martin,[1] Marc Russo, Kirk R. Casey,[2] og Dix Bruce. Spelet inneheld trettisju spor, der femten av dei vart publisert i 2007 som eit offisielt soundtrackalbum.[3] Dei fleste av spora inneheld ikkje vokalar, men nokon av dei har Simlish (simske) tekstar.
I 2002 blei The Sims det mest selte PC-spelet i historia, og skauv Myst av trona ved å selje meir enn 11 300 000 eksemplar verda over.[4] Per 7. februar 2005 hadde spelet selt 16 000 000 eksemplar.[5] Kritikarar gav spelet positive vurderingar. Det har vore ein suksess på mange måtar; m.a. har det trekt til seg hobbyspelarar og kvinnelege spelarar (sistnemnte utgjer nesten 60% av spelarane).[6] I mars 2009 annonserte Electronic Arts at The Sims, som ein franchise, hadde selt meir enn 110 million eksemplar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.