song frå 2022 med Reddi From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Show» er ein song frå 2022 med det dansk-svenske punkrock-bandet Reddi. Songen vann Dansk Melodi Grand Prix 2022 og var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
«The Show» Song av Reddi | ||
Land | Danmark | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 10. februar 2022 | |
Sjanger | Pop rock[1] | |
Lengd | 03:00 | |
Selskap | Universal Music Danmark | |
Komponist | L.I.G.A, Remee, Chief 1 | |
Tekstforfattar | L.I.G.A, Remee, Chief 1 | |
Låtskrivar(ar) | Chief 1, Ihan Haydar, Julia Fabrin, Remee Jackman, Siggy Savery | |
---|---|---|
«The Show» er skriven av Reddi-medlemmane Ihan Haydar og Siggy Savery. Dei har skrive songen saman med Julia Fabrin, som også var med på å skrive Eurovision-vinnaren «Only Teardrops». Låtskrivarane Chief 1 og Remee har også bidrege på låten: begge har vunne Dansk Melodi Grand Prix tidlegare.[2]
«The Show» vart plukka ut til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2022 laurdag 5. mars på DR1. I tevlinga gjekk Reddi vidare til superfinalen, der dei til slutt vann med 37 prosent.[3] I etterkant av tevlinga vart «The Show» møtt med negative kritikkar frå danske musikkmeldarar og Eurovision-ekspertar.[4]
Gjennom sigeren i Dansk Melodi Grand Prix vart «The Show» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai,[5] der han rauk ut etter å ha vorte nummer 13 av 17 bidrag.[6] Dette var andre år på rad at Danmark vart slått ut i semifinalen.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.