The Ocean av Led Zeppelin
From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Ocean» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Houses of the Holy frå 1973. «The Ocean» referer til havet av tilhengjarar som møtte opp konsertane til Led Zeppelin, som songen er tileigna til.[1]
The Ocean Song av Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy | ||
Utgjeve | 28. mars 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Bonham | |
Tekstforfattar | John Bonham | |
Låtskrivar(ar) | Bonham/Jones/Page/Plant | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page | |
Oversyn
Introen og refrenget (hovudriffet) i songen vekslar mellom taktartane 4/4 og 7/8. Stemma i introen er trommeslagar John Bonham. Han seier «We've done four already but now we're steady, and then they went 1, 2, 3, 4!» viser han til talet på opptak. Dei hadde prøvd å spele inn songen fire gonger før, men fekk det ikkje heilt til, så som ei oppmuntring sa han dette. Om lag frå 1:37-1:38 inn i songen og igjen rundt 1:41 kan ein høyre ein telefon ringe i bakgrunnen. Enkelte meiner det vart gjort med vilje, fordi notar av songen har ordet «ring» over perkusjonsdelen av songen. Andre meiner det var eit uhell at telefonen ringte under innspelinga. Hardrocksongen endar med eit coda som består av ein gitarsolo og ei doo-wop-hyllest.
Bandet spela songen første gongen songen på konsert i USA i 1972 og spelte songen ut 1973. Etter dette vart han ikkje spelt meir.[1]
Dette er ein av få Led Zeppelin-songar ein kan høyre knirkinga frå basstrommepedalen til John Bonham.
Songen vart gjeven ut på singel Austerrike og Tyskland med «Dancing Days» som B-side, samt ei alternativ tysk utgåve med «Over the Hills and Far Away» som B-side.
Medverkande
Andre versjonar
|
|
Samplingar
- 1986: Beastie Boys («She's Crafty»)
- 1987: Steady B («What's My Name»)
- 1988: Robert Plant («Tall Cool One»)
- 1988: The Real Roxanne («Early Early (La La)»)
- 2005: DJ Mavrikk («99 Problems»)
- 2006: Fort-moll («Dolla»)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.