The Ladder er det sekstande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve september 1999. Dette albumet blir rekna som den definitive returen til stilen deira frå 1970-talet, sjølv om det er særs moderne i lydmiksinga. Dette er det første albumet der Igor Khorosjev medverkar som fulltidsmedlem.
The Ladder Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. september 1999 | |
Innspelt | Februar til mai 1999 | |
Studio | Armoury Studios (Kitsilano i Vancouver i Canada) | |
Sjanger | ||
Lengd | 60:19 | |
Selskap | Eagle Records (Storbritannia) Beyond Music (USA) | |
Produsent | Bruce Fairbairn | |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Open Your Eyes (1997) |
The Ladder | House of Yes: Live from House of Blues (2000)
|
Singlar frå The Ladder | ||
|
Albumet kom på 99. plass på Billboard 200 i USA og på 36. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[4]
Bakgrunn
Gitarist og klaverspelar Billy Sherwood var hovudsakleg han som produserte det førre albumet, Open Your Eyes. Bandet søkte no etter ein ekstern produsent og fann canadiske Bruce Fairbairn for å få objektive øyre og tankar. Sherwood var no nærast degradert til «andregitarist» i bandet etter at Khorosjev tok over tangentane.
Sjølv om innspelingane gjekk over all forventning og alle var særs nøgt med resultatet, enda avslutninga av albumet tragisk. Rett før dei siste vokalopptaka og den siste lydmiksinga, døydde Bruce Fairbairn. Han vart funnen i sin eigen heim av vokalisten Jon Anderson, og Yes har tileigna albumet til Fairbairn.
Sporliste
All tekst er skriven av Jon Anderson; all musikk er komponert av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire, Alan White og Igor Khorosjev..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Homeworld (The Ladder)» | 9:32 |
2. | «It Will Be a Good Day (The River)» | 4:54 |
3. | «Lightning Strikes» | 4:35 |
4. | «Can I?» | 1:32 |
5. | «Face to Face» | 5:02 |
6. | «If Only You Knew» | 5:43 |
7. | «To Be Alive (Hep Yadda)» | 5:07 |
8. | «Finally» | 6:02 |
9. | «The Messenger» | 5:13 |
10. | «New Language» | 9:19 |
11. | «Nine Voices (Longwalker)» | 3:21 |
Medverkande
- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal
- Steve Howe – gitarer, vokal
- Billy Sherwood – gitarer, keyboard, vokal
- Igor Khorosjev – keyboard
- Alan White – trommer
Studiomusikarar[5]
- Randy Raine-Reusch – diverse instrument
- Rhys Fulber – loops
- Tom Colclough – altsaksofon
- Tom Keenlyside – tenorsaksofon, piccolotrompet
- Derry Burns – trompet
- Rod Murray – trombone
- Neil Nicholson – tuba
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.