From Wikipedia, the free encyclopedia
The Fantastic Expedition of Dillard & Clark er eit countryrockalbum av Dillard & Clark med country- og folkrock pionerane Gene Clark, Doug Dillard, Bernie Leadon, Chris Hillman og andre. Albumet vart spelt inn i 1968, kort tid etter Clark forlet The Byrds for andre gong, og Dillard forlet The Dillards. Albumet er hylla som eit meisterverk innan countryrocksjangeren av kritikarar og musikarar.[1][3][4][5]
The Fantastic Expedition of Dillard & Clark Studioalbum av Dillard & Clark | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Countryrock, progressiv bluegrass | |
Lengd | 28:49 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Larry Marks | |
Gene Clark-kronologi | ||
---|---|---|
Gene Clark with the Gosdin Brothers (1967) |
The Fantastic Expedition of Dillard & Clark | Through the Morning, Through the Night (1969)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (positiv)[2] |
Debutabumet til Clark som soloartist, Gene Clark with the Gosdin Brothers, hadde seld dårleg. Etter at David Crosby fekk sparken frå The Byrds, gjekk Clark attende til det gamle bandet sitt, men spelte berre med dei på tre konsertar før han forlet turneen på grunn av angst og flyskrekk. Han signerte så kontrakt med A&M Records og byrja å spele inn musikk for den første plata si for selskapet i lag med instrumentalisten Douglas Dillard. Bernie Leadon var med låtskrivar på seks av songane og spelte òg på albumet. Sidan Clark nekta å turnere var ei rekkje konsertar på The Troubadour i L.A. den einaste marknadsføringa for albumet, og det selde derfor òg dårleg.[6]
Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic og kalla albumet «kanskje den mest glimrande innspelinga til Clark... Grasiøst, fortryllande og smakfullt på same tid. Absolutt essensielt.»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Out on the Side» | Gene Clark | 3:49 |
2. | «She Darked the Sun» | Clark, Bernie Leadon | 3:10 |
3. | «Don't Come Rollin'» | Clark, Douglas Dillard, Leadon | 2:54 |
4. | «Train Leaves Here This Morning» | Clark, Leadon | 3:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «With Care from Someone» | Clark, Dillard, Leadon | 3:49 |
6. | «The Radio Song» | Clark, Leadon | 3:01 |
7. | «Git It on Brother» | Lester Flatt | 2:51 |
8. | «In the Plan» | Clark, Dillard, Leadon | 2:08 |
9. | «Something's Wrong» | Clark, Dillard | 2:57 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Why Not Your Baby» | Clark | 3:41 |
11. | «Lyin' Down the Middle» | Smith, Clark | 2:17 |
12. | «Don't Be Cruel» | Elvis Presley, Otis Blackwell | 1:53 |
Frå Discogs.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.