From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Carpet Crawlers», stundom skrive «Carpet Crawl», «The Carpet Crawl» eller «Carpet Crawlers», er ein song av Genesis frå konseptalbumet deira The Lamb Lies Down on Broadway frå 1974. Han vart spelt inn på ny i 1999 som «The Carpet Crawlers 1999».
The Carpet Crawlers Singel av Genesis frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway | ||
B-side |
«Evil Jam (The Waiting Room live)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1975 | |
Innspelt | august-oktober 1974 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 5:15 | |
Selskap | Charisma/Virgin (UK) Atco/Atlantic (USA) | |
Komponist | Tony Banks | |
Tekstforfattar | Tony Banks | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett, Mike Rutherford | |
Produsent | John Burns og Genesis | |
Genesis-kronologi | ||
«Counting Out Time» (1974) |
The Carpet Crawlers | «A Trick of the Tail» (1976)
|
I denne delen av The Lamb-soga er hovudperson Rael i ein korridor med raudt teppe fylt med knelande folk som langsamt kryp mot ei raud dør i enden av gangen. Rael spring forbi dei og går gjennom døra. Bak døra er det eit flott matbord, og bak bordet ei spiraltrapp som forsvinn ut av syne.
«The Carpet Crawlers» finst òg på Genesis: In Concert frå 1976 med Bill Bruford på trommer, og på Seconds Out frå 1977. Han vart òg spelt på turneane i 1978, 1980, 1981 og Six of the Best-konserten med Peter Gabriel. Ein nyinnspelt versjon kalla «Carpet Crawlers 1999» vart gjeven ut på samlealbumet Turn It on Again: The Hits; dette er den siste innspelinga så langt med besetninga Peter Gabriel, Steve Hackett, Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford. Songen finst òg på konsertalbumet Live Over Europe 2007 og konsert-DVDen When in Rome 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.