Tesla Roadster
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tesla Roadster er ein elektrisk toseters bakhjulsdriven sportsbil og er den første bilen produsert av Tesla Motors[1]. Roadsteren vart først vist i 2006. 2008-modellen er den første tilgjengelege til sal i eit avgrensa tal på 100 stykk. Bilen har ein masse på 1245 kg. Batteriet er plassert bak setet, så massesenteret er om lag som i ein sportsbil med midtmontert motor.

Motor og drivverk
Motoren ein 3-fase induksjonsmotor på 225 kW, plassert mellom bakhjula [2]. Motoren har variabel-frekvensdrift og ein masse på 35 kg. Batteriet kan levera ein effekt på rundt 200 kW (272 hk). I motsetning til forbrenningsmotorar har elektromotorar stor verkningsgrad. Det er likevel litt tap i motorstyringa og motoren, så effekten ut frå motoren er rundt 184 kW (250 hk). Han akselerer frå 0 til 100 km/t på fire sekund.
Batteri
Batteriet er eit lithiumbatteri, av same type som i bærbare PCar. Det er bygd opp av 6831 celler, delt inn i elleve seksjonar med 621 celler i kvar seksjon [2]. Køyrelengda er 365 km før batteriet må ladast opp. Ladetida er rundt 3,5 timar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.