Terje Hanssen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Terje Ludvik Hanssen (fødd 20. september 1948) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Kabelvåg. Han var med på stafettlaget som tok bronse i VM i 1974, og deltok i Vinter-OL 1976 med femteplass på stafetten. Hanssen var medlem av Trondheims Politis Idrettslag.
Terje Hanssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1948 (75 år) Kabelvåg |
Yrke | skiskyttar |
Ved NM i skiskyting 1972 på Evjemoen tok Hanssen sølv i den individuelle øvinga, nøyaktig eitt minutt bak lagkamerat Magnar Solberg. To dagar etter gjekk dei same to skiskyttarane, samt Kåre Åmot og Egil Asbøll region Ut-Trøndelag inn til siger i NM-stafetten. Fire år seinare vann Hanssen eit nytt NM-sølv på 20 km då meisterskapen fann stad heime i Trondheim, men han var meir enn fire minuttar bak den suverene vinnaren, finnmarkingen Sigleif Johansen.
Saman med Kjell Hovda, Kåre Hovda og Tor Svendsberget vann Hanssen bronse i 4 x 10 km stafett under VM i skiskyting 1974 i Minsk. Han deltok i Vinter-OL 1976 utan suksess, ein femteplass i stafett saman med Kjell Hovda, Svein Engen og Tor Svendsberget var det beste. På 10 km sprint i VM 1976 i italienske Antholz gjekk Hanssen inn til ein 12. plass.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.