From Wikipedia, the free encyclopedia
VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM LONDON
endre
Om byenLondon er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling. Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år. Sjølve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal. Les meir… endre
Utvald artikkelLondon Underground ofte berre kalla the Underground eller the Tube) er eit kollektivtransporttilbod som består av elektriske tog som køyrer i tunnelar under det sentrale London og i dagen gjennom forstadane til byen. Den første strekninga blei opna i 1863, noko som gjer banen til det eldste metrosystemet i verda. Sidan 2003 har undergrunnsbanen vore ein del av Transport for London (TfL), som også har det overordna ansvaret for koordinasjon og planlegging av bussrutene i byen, trikkelinjer, Docklands Light Railway, bussterminalen Victoria Coach Station, regulering av taxi-tenester og eit fåtal lokale jernbaneliner i byen. Tidlegare blei undergrunnsbanen drive av London Regional Transport, som var direkte underlagt dei nasjonale myndigheitene. Det er pr. februar 2007 268 opne stasjonar, og meir enn 408 km med liner som er i bruk. Banen fraktar omkring tre millionar passasjerar dagleg; i åra 1999 og 2000 blei det gjort tilsaman 927 millionar reiser, og i 2007 reiste over ein milliard med banen. I tillegg til dei opne stasjonane finst det fleire eldre stasjonar som er nedlagde. Les meir... endre
Utvald bilete
endre
Utvald sitat
endre
KategoriarArtiklar om London kan ein finna under desse kategoriane: endre
Sjå ògSjå òg temasida om geografi. endre
Visste du at...
endre
TransportLondon har eit av dei eldste og mest kjende kollektivtransportsystema i verda. Det er no styrt av Transport for London (TfL), som er ansvarleg for all offentleg transport innanfor Stor-London. I London har ein mange ulike transportformer, buss, jarnbane, undergrunnsbane og fly i tillegg til vanleg biltransport med utgangspunkt i M25, ein ringveg som går rundt heile London. endre
På Wikimediaendre
Hovudtema på Nynorsk wikipedia |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.