From Wikipedia, the free encyclopedia
Tasjkent (usbekisk Toshkent og Тошкент) er hovudstaden i Usbekistan og den største byen i Sentral-Asia.[2] Han ligg heilt nordaust i landet, i dei vestlege forfjella til fjellkjeda Tian Shan.[3] I 2023 var folketalet 2 956 384.
Tasjkent | |||
hovudstad | |||
Land | Usbekistan | ||
---|---|---|---|
Provins | Tasjkent | ||
Areal | 334,8 km² | ||
Folketal | 2 956 384 (1. januar 2023)[1] | ||
Tasjkent 41.311111111111°N 69.279722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Tashkent | |||
Namnet kjem frå tyrkiske tash, 'stein' og 'kand', '[festnings]by', og betyr dermed 'steinbyen'.[4]
Tidlegare var Tasjkent eit svært viktig stopp på Silkevegen frå Asia til Europa. På grunn av plasseringa kom byen først under sogdiansk og seinare tyrkisk påverknad tidleg i historia si, før han blei muslimsk på 700-talet. Han blei hærteken og lagt i ruinar av Dsjenghis khan sin hær i 1219. I 1865 blei han erobra av Det russiske imperiet. Byen blei hardt skadd av jordskjelv i 1966.
Tasjkent ligg ved Chirchiqelva, 450-480 moh. i Chatkalfjella.[2] Han ligg i eit område med jordskjelvaktivitet.
Tasjkent er blant dei eldste byane i Sentral-Asia.[3] Staden kan ha vore folkesett så tidleg som 100-talet f.Kr.[4] På grunn av plasseringa ved fleire karavaneruter blei byen eit viktig knutepunkt for handel mellom aust og vest.[3] Han kom først under sogdiansk og seinare tyrkisk påverknad tidleg i historia si, før han blei muslimsk på 700-talet.
I førislamsk og tidleg muslimsk tid var byen og landet rundt kjend som Dzhadzh, Shash eller Chach. Han er omtalt i Den iranske kongeboka som Chach. Seinare blei byen kjend som Chachkand/Chashkand/Chachkent[5] og Binkent.[6] Det noverande namnet Tasjkent kom i bruk på 1000-talet.[4]
Etter å ha blitt øydelagd av Dsjenghis khan sin hær i 1219 blei byen gradvis bygd opp att som del av Det mongolske riket.[3] Timur Lenk tok byen på 1300-talet og gjorde han til ein av dei største festningsbyane til timuridane.[6] Deretter blei han styrt av shaibanidane frå Bukhara-khanatet.[6] Etter ei tid med sjølvstende blei Tasjkent så teken over av Kokand-khanatet i 1809.[2] I 1865 blei han erobra av Det russiske imperiet.[3]
Byen blei hovudstad for Turkestan autonome sosialistiske sovjetrepublikk i 1918. Han blei hovudstad i Den usbekiske sovjetrepublikken i staden for Samarkand i 1930. Som del av Sovjetunionen såg byen vekst og endringar. Han blei industrialisert og blei etterkvart eit senter for vitskap og ingeniørfag. Folkesamansetjinga blei prega av russiske og ukrainske flyktningar som kom hit under andre verdskrigen og massedeportasjonar hit frå andre stader i unionen, mellom anna av krimtatarar. Usbekarar blei likevel verande den største folkegruppa i byen.
Frå 1966 til 1968 var det ei lang rekke jordskjelv i området som gjorde stor skade, og mykje av byen blei heilt eller nesten jamna med jorda. Mange av bygningane som blei skadd under jordskjelva blei seinare bygd opp igjen.
Då Sovjetunionen braut saman i 1991 var Tasjkent den fjerde største byen i landet. Han blei hovudstad i den sjølvstendige republikken Usbekistan.[4]
Mange av dei historiske bygningane blei øydelagde etter den russiske revolusjonen og seinare av det kraftige jordskjelvet som ramma byen i 1966. Mykje av den gamle arkitekturen i Tasjkent har såleis gått tapt. Framleis eksisterande bygningar er mellom anna:
Tasjkent metro er eit moderne t-banesystem og det er det einaste av sitt slag i Sentral-Asia. Tasjkent internasjonale lufthamn ligg 12 km utanfor sentrum, og har over 2 millionar passasjerar i året.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.