masseeining frå antikken From Wikipedia, the free encyclopedia
Talent er ei gammal måleining for massen av gull og sølv. Etter tradisjonen var ein talent lik 60 mine.
Etter tradisjonen vart eininga innført av Solon i Aten kring år 600 fvt., og vart tidleg utbreidd i heile Midtausten. I antikkens Hellas var ein talent lik 60 pund eller 6000 drakmar.[1]
Eininga talent er bruka i Det gamle testamentet som mål for gull[2] og sølv[3] og tilsvarar om lag 34,2 kilogram. Det finst likevel ulike utrekningar for dei bibelske måla, og verdiane kan ikkje fastsetjast heilt nøyaktig.[4]
Talent vart òg rekna som ei mynteining med verdi svarande til massen i gull eller sølv. Ein talent reint gull eller elektrum, som består av 80 % gull, ville i vår tids pengar ha vore verdt fleire millionar kroner og ein talent sølv ovre eit hundre tusen kroner, noko som vil seie at mynteininga truleg aldri vart nytta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.