Take It Easy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Take It Easy» er ein song skriven av Jackson Browne og Glenn Frey. Den første versjonen vart spelt inn av Eagles (med Frey på solovokal). Han vart gjeven ut som den første singelen til bandet, den 1. mai 1972. Singelen nådde 12. plassen på den 22. juli 1972 på Billboard Hot 100 i USA og låg 11 veker på lista den sommaren.[1][2][3] Det var òg opningssporet på debutalbumet til gruppa, Eagles, og har vorte ein av signaturlåtane deira som er med på alle konsert- og samlealbuma til bandet. Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Jackson Browne spelte seinare inn songen som opningssporet på det andre albumet hans, For Everyman (1973), og gav han òg ut som singel.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Jackson Browne hadde opphavleg byrja å skrive «Take It Easy» i 1971 for debutalbumet sitt, men hadde vanskar med å skrive songen ferdig. Venen og den dåverande naboen Glenn Frey høyrde ein tidleg versjon av songen og likte han så mykje at Browne gav songen til han og det nye bandet hans. Frey gjorde ferdig det andre verset (som byrjar med «...such a fine sight to see, it's a girl, my Lord, in a flatbed Ford...»[5]) og singelen klatra til 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

På Eagles-versjonen syng bassisten Randy Meisner harmonivokal i byrjinga av verset, medan trommeslagaren Don Henley syng harmonivokal mot slutten. Bernie Leadon spelar sologitar og banjoen. Produsenten på songen Glyn Johns sa - «På 'Take It Easy' fekk eg Bernie til å spele rask banjo. Dei syns alle det var ein merkelig ide, men det fungerte. Det var alt ein flott song, men den vesle banjoen i bakgrunnen gjorde det heile annleis.»[6]

Med på Browne si innspeling var Sneaky Pete Kleinowpedalsteel, i tillegg til David Lindley (på elektrisk gitar) med Browne. Perkusjonen til Micky McGee og dei andre instrumenta tonar inn i det neste sporet på albumet, «Our Lady of the Well».

Remove ads

Reaksjon

I 1972 skreiv Bud Scoppa i Rolling Stone i meldinga si om debutalbumet til Eagles at «Take it Easy» var «rett og slett den beste rockesingelen som har kome ut så langt i år. Første gongen du høyrer songen kan du høyre at han har alt: dansbar rytme, fengande, svingande melodi, intelligent, stadfestande tekst og eit progressivt, mektig arrangement som miksar elektrisk gitar og banjo, og klår vokal med ein flott firestemmars harmoni på dei rette stadene for maksimal dramatisk effekt.»[7]

Winslow, Arizona

Thumb
«Take It Easy»-statuen og veggmåleriet ved 35°1'24.54" N, 110°41'53.02" W på Second St. & Kinsley Ave. i Winslow, Arizona.

Som svar til det kjende andreverset i «Take It Easy», har byen Winslow i Arizona, reist ein bronsestatue og eit veggmåleri til minne om songen ved Standin' on the Corner Park.[8]

Remove ads

Andre utgjevinga

Songen vart nytta i filmen Outside Providence i 199 og ein episode av Knight Rider frå 1982.[9]


Travis Tritt-versjonen

Meir informasjon B-side, Travis Tritt-kronologi ...

Travis Tritt sin versjon vart spelt inn for hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles, og vart gjeven ut som singel i 1993. Singelen nådde 21. plassen på countrylista til Billboard. I videoen til songen fekk Tritt med seg besetninga i Eagles frå 1978 til 1980.

Remove ads

Andre versjonar

«Take It Easy» er òg blitt spelt inn av Ottar Johansen (som «Ta det rolig» på Hverdagshelter i 1978), Express (som «Ota Iisisti» finsk/ 1978), Robby Longo (album Take It Easy/ 2014), Alice Ripley (album Daily Practice, Volume 1/ 2011), Søren Sko (album Unpolished - 2001) og Roch Voisine (album AmerIIcana/ 2009).

Lister

Eagles

Meir informasjon Liste (1972), Plassering ...

Travis Tritt

Meir informasjon Liste (1994), Plassering ...

Medverkande

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads