fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørtakahe (Porphyrio hochstetteri, eller takahe, maori takahē) er ein fugleart i riksefamilien utan flygeevne som er endemisk for New Zealand. Arten var rekna å vere utdøydd etter at fire kjende prøver vart tatt i 1898. Men etter ein nøye planlagt søkjeinnsats etter fuglen, vart han gjenoppdaga av Geoffrey Orbell i eit fjellområde vest for Lake Te Anau i Southland District på Sørøya den 20. november 1948. Systerarten nordtakahe på Nordøya er derimot utdøydd, frå ca. 1894.[1]
Sørtakahe | |
Sørtakahe frå Tiritiri Matangi Island Foto: Ashleigh Thompson | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av sørtakahe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Porphyrio |
Art: | Sørtakahe P. hochstetteri |
Vitskapleg namn | |
Porphyrio hochstetteri Meyer, A., 1883 |
Sørtakahe er den største gjenlevande medlemmen av riksefamilien. Den totale lengda er i gjennomsnitt 63 cm og gjennomsnittleg vekt er ca. 2,7 kg hos hannar og 2,3 kg for hoer.[2] Ståhøgd er ca. 50 cm.[3] Dette er ein tettvaksen fugl, med reduserte venger, men sterke bein og eit massivt nebb.
Ein vaksen takahe er hovudsakleg lillablå i fjørdrakta, med ei grønleg og blåleg farge på oversida og venger. Nebbet og det frontale skjoldet er i purpurraudt og blir bleikare rosa mot nebbspissen.[4] Beina er rosa. Kjønna er like, men hoene blir litt mindre enn hannfuglar, ungfuglar har hovudsakleg bleikbrun fjørdrakt. Umodne ungfuglar har eit rosa nebb med blåskjær. Dette er ein støyande art med eit høgt 'kuuit'-rop.[4] Kontaktropa kan lett forvekslast med wekarikse (Gallirallus australis) sine rop, men er generelt meir resonant og djupare.[5]
Takahe er ein stillesitjande fugl som ikkje har flygeevne, og lever i habitat på høgtliggjande grassletter. Sjølv om han opphavleg hadde naturleg tilhald i sumpområde, har menneske endra myrlandshabitat til jordbruksområde, og takahe vart dermed tvinga til å flytte høgare opp til nye habitat. Dei held seg oppe på grasslettene fram til snøen kjem, då vandrar dei ned til habitat av skog eller kratt. Føda er sett saman av gras, planteskot og insekt, men hovudsakleg blad av Chionochloa-grastuer og andre alpine grasartar. Takahe kan ofte nappe på grasstilker av arten Danthonia flavescens.
Takahe er monogame, para held truleg saman heile livet. Dei byggjer eit klumpa reir under buskar og kratt og legg to gulbrune egg. Dei er bakkelevande. Ungar har ein overlevingsrate på 73-97 %.
Arten lever framleis der han vart gjenoppdaga i Murchison Mountains ved Lake Te Anau. Ein har òg sette ut nokre få individ på fire rovdyrfrie øyar, Tiritiri Matangi, Kapiti, Maud og Mana, der publikum kan sjå dei. I tillegg kan takahe i fangenskap sjåast på Te Anau og Mt Bruce dyrelivssenter. I juni 2006 vart eit par takahe flytta til restaureringsprosjektet Maungatautari. I januar 2011 vart ei lite mengd takahe sett ut i det verna naturreservatet Zealandia i Wellington.
Etter 1982 har den totale populasjonen variert mellom 110 og 225 attverande individ.
Tidlegare var arten vidt utbreidd, men vart driven til nær utrydding av overjakt, tap av habitat og introduserte artar. Innføringa av hjort (Cervus elaphus) representerer ein alvorleg konkurranse for føda, medan røyskatten (Mustela erminea) tar rolla som rovdyr. Spreiinga av skog har bidrege til reduksjon av habitat. Sidan fuglane har lang levetid, reproduserer dei sakte, det tar fleire år å bli kjønnsmodne, og ettersom utbreiinga var redusert over relativt få generasjonar, er innavlsdepresjon eit monaleg problem. Innsats for å verne arten blir hemma spesielt av låg reproduksjon av dei attverande fuglane. Genetiske analysar har vorte utførte for å velje avlsdyr i eit forsøk på å verne maksimalt genetisk mangfald.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.