kanadisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tanya Tagaq Gillis, kjend som Tagaq, er ein strupesongar og forfattar av inuittisk opphav. Ho kjem frå Cambridge Bay (Iqaluktuutiaq) i Nunavut i Canada.[1]
Tagaq | |||
| |||
Fødd | 5. mai 1975 (49 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cambridge Bay | ||
Fødenamn | Tanya Tagaq Gillis | ||
Alias | Tagaq | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 2002– | ||
Sjanger | a cappella, folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Jericho Beach Music | ||
Verka som | songar, strupesanger, biletkunstnar, filmregissør | ||
Prisar | Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, æresdoktor ved université Laval, Indigenous Voices Awards, medlem av Order of Canada, Polaris Music Prize |
Ho gav ut debutromanen sin Split Tooth i 2018.[2]
Då ho var 15, etter skulegang i Cambridge Bay, drog Tagaq til Yellowknife i Nordvestterritoria for å gå på Sir John Franklin High School. Det var her ho fyrst byrja å utøva strupesong. Som dei fleste andre studentane frå sentrale Arktis budde Taqaq i Akaitcho Hall, internatet til skulen. Ho studerte seinare biletkunst ved Nova Scotia College of Art and Design, og medan ho var der utvikla ho si eiga soloform av inuittisk strupesong, som vanlegvis blir framført av to kvinner.[3] Avgjerda om å synga solo var pragmatisk – ho hadde ikkje ein songpartnar.[4]
Tagaq var ein populær utøvar ved kanadiske folkemusikkfestivalar, som Folk on the Rocks i 2005.[5] Ho blei vidt kjend både i Canada og internasjonalt for samarbeida sine med Björk, som omfatta konsertturnear og albumet Medúlla frå 2004. Ho har også opptredd med Kronos Quartet og Shooglenifty, og har vore på Aboriginal Peoples Television Network. Sjølv om ho er kjend som songar, er Tagaq også kjend som ein dyktig biletkunstnar. Eit verk av henne blei brukt på telefonkatalogen til Northwestel frå 2003.[6]
I 2005 gav Taqa ut sin fyrste CD, Sinaa (inuktitut for 'kant'). Denne blei nominert til fem prisar ved Canadian Aboriginal Music Awards. Under utdelinga 25. oktober 2005 vann CD-en prisar for Best Producer/Engineer og Best Album Design, medan Tagaq sjølv vann prisen for beste kvinnelege artist. Sinaa blei også nominert til Juno Awards 2006 som Best Aboriginal Recording.[7]
I 2014 vann ho Polaris Music Prize for albumet sitt Animism, og Canadian Folk Music sin Pushing the Boundaries Award. I 2015 vann ho Juno-prisen Aboriginal Recording of the Year for Animism. I desember 2016 blei ho utnemnd til Member of the Order of Canada.[8]
I 2019 vann ho Indigenous Voices Award for prosa gjeven ut på engelsk for Split Tooth.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.