Tabagie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tabagie
Remove ads

Tabagie er eit mi'kmaq-ord som også er brukt i kanadisk fransk (uttalt [tabaˈʒi]).

Thumb
La tabagie, dit aussi Le corps de garde. Måleri frå 1643 av Le Nain-brørne.

Ordet er ofte brukt i historiske skildringar av høgtidelege seremoniar i Québec og canadiske kystområade. Ei stammegruppe kunne kalla saman til ein tabagie i samband med ei høgtideleg hending, til dømes  den foreståande døden til ein eldre stammemedlem.[1] Omgrepet finst òg i Les Voyages de Samuel De Champlain, då algonkinane førebur seg på å «drepa fangan sine i ein festleg tabagie[treng kjelde]

«Då Champlain og følgjevennene hans nådde La Pointe, røykte indianarane. Dei heldt tabagie for å feira ein nyleg siger over irokesarane [...] Så heldt festen fram: dei delte mat, songar og dansa til det nesten var morgon.»[2].— Damase Potvin

27. mai 1603 gjenforeinte ein høgtideleg tabagie på Tadoussac franskmennene Gravé du Pont og nevøen hans, Samuel de Champlain, med innufolk (montagnais), algonkinar og etcheminar. Denne markerte byrjinga på ein varig allianse mellom gruppene deira.[3]

Ordet kan stamma frå tabac (tobakk), som vart røykt som eit essensielt element i seremonien.[4]

«Sigersfesten fortsette, og åtte til ti store pottar med kjøtt av elg, bjørn, sel, bever og vassfugl vart fortært. Dagen etter frakta Anadabijou[5] folket sitt i kanoar til Tadoussac der festen starta igjen to veker seinare i selskap med deira algonkinske og etcheminske allierte.»[5]

Tabagie kan også brukast om eit rom til å røyka og samlast i.

In every Palace was a Tabagie, a high large room with a dozen contented saturnine figures round a large long table, a long Dutch pipe in the mouth of each.[6]

På moderne Quebec-fransk kan tabagie visa til ein tobakkhandel, noko ein på Paris-fransk ville kalla bureau de tabac.[7]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads