Svaler er ei gruppe sporvefuglar i familien Hirundinidae som er tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. I Europa brukar ein omgrepet svaler ofte om den eine arten låvesvale. Familien samlar omkring 86 artar i 18 slekter.

Kjappe fakta
Svalefamilien
Thumb
Låvesvale (Hirundo rustica)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Svalefamilien Hirundinidae
Vigors, 1825
Lukk

Svalene har ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein trur at denne familien har opphav frå Afrika der dei var hòlerugarar, i Afrika finn ein framleis størst artsmangfald av svaler.[1] Dei har òg utbreiing på ei rekkje oseaniske øyar. Mange europeiske og nordamerikanske artar er langdistansemigrantar, i motsetnad til vest- og sørafrikanske svaler som ikkje er trekkfuglar. Somme svaleartar er trua av utrydding grunna menneskelege aktivitetar, medan andre artar tar føremon av menneskelege påverknader på miljøet, og dei lever difor nær menneske.

Skildring

Svaler har ei evolusjonært konservativ kroppsform som er felles for heile familien, men med ulikskap i høve til andre sporvefuglar.[2] Dei har tilpassa seg jakt på insekt i flukt ved å utvikle ein slank straumlinjeforma kropp og lange spisse venger, noko som gjev gode evner til å manøvrere og halde ut langvarig flyging samstundes som dei kan veksle med stadige glidefluktar. Kroppsforma gjev grunnlag for særs effektiv flyging, som kostar 50-75 % mindre for svalene enn for andre sporvefuglar med tilsvarande storleik. Til vanleg beitar dei med ei fart på rundt 30–40 km/t, men dei er i stand til å nå snøggleik på mellom 50 og 65 km/t på transportetappar.

Thumb
Nebbet hos sandsvaler er typisk for familien, kort og breitt
Foto: Axel Strauß

Akkurat som seglarar og natteramnar, som jaktar på ein liknande måte, har dei breie og korte nebb, men sterk kjeve og breitt gap. Kroppslengda varierer frå ca. 10-24 cm og vekta frå ca. 10-60 gram. Vengene er lange, spisse, og har ni primærfjør. Halen har 12 fjør med kraftig kløfta til mindre kløfta form, eller han kan vere tverr i enden. Ein lang hale aukar evna til manøvrering, og kan også fungere som kjønnsrelatert pryd, ettersom halen ofte er lengre hos hannfuglar enn hos hoer. Hofuglar av låvesvale vel truleg partnar på grunnlag av halelengda.

Beina er korte, og føtene er tilpassa å sitje snarare enn å gå. Men svalene er òg i stand til å gå og til og med springe, det gjer dei med ein subbete, vaggande gange.[3] Leggmusklane hos elvesvaler, Pseudochelidon, er sterkare og meir robuste enn hos andre svaler.[2][3]

Ei typisk fjørdrakt for fuglar i denne familien er skinande mørk blå eller grøn på oversida og har einsfarga eller stripete underside, i regelen kvit eller raudleg. Hòlerugarar eller artar med biotop i tørre område eller fjellområde er ofte avdempa brune på oversida, slik som vi ser det hos sandsvale og klippesvale. Med unnatak frå skilnaden med ytre halefjør som hos mange artar er lengst hos vaksne hannfuglar, syner svaler liten eller ingen kjønnsdimorfisme.

Svaleungane er nakne og har lukka auge når dei vert klekt. Flygedyktige ungar har vanlegvis meir avdempa farger enn vaksne.

Utbreiing, habitat og trekk

Svaler har ein verdsomspennande utbreiing, førekjem på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein art, kystsvale, er hekkefugl på ei rekkje oseaniske øyar i Stillehavet,[4] madagaskarsvale hekkar på Réunion og Mauritius i Indiahavet,[5] og ei rekkje av trekkjande artar er vanlege omstreifarar til andre isolerte øyar og enda nokre sub-antarktiske øyar. Mange artar har utbreiing over enorme område, spesielt låvesvala som hekkar over det meste av den nordlege halvkula og overvintrar på det meste av den sørlege halvkula.

Thumb
Breistripesvale er ein delvis migrant i Afrika
Foto: Jack Versloot

Familien brukar eit breitt spekter av habitat. Dei er avhengige av flygande insekt, og ettersom desse er vanlege over elvar og innsjøar vil dei ofte beite over vatn, men dei finst òg i opne habitat inkludert grassletter, open skog, savannar, myrer, mangrove og krattskog, frå havnivå opp til høge alpine område. Mange artar lever nær menneske i urbane område og i område med landbruk. Somme artar har utvida det naturlege utbreiingsområde. Til dømes arten pionérsvale, tidlegare med utbreiing på det australske kontinentet, starta med å kolonisere New Zealand i 1920, begynte å hekke der på 1950-talet og er nå ein vanleg fugl i landet.[6]

Artar som hekkar i tempererte regionar migrerer til varmare område om vinteren når matgrunnlaget av insekt kollapsar i dei tempererte område. Artar som hekkar i meir tropiske område er ofte nær standfuglar, men somme tropiske artar er delvis migrantar eller gjer kortare trekk.

Levevis

Thumb
Ei tresvale ved reiret sitt som ligg i eit holrom i eit tre
Foto: Walter Siegmund

Svalene er ekstremt gode flygarar, og utnyttar dugleiken til å tiltrekkje seg ein make og å pare seg. Nokre artar, som mangrovesvale, er territoriale, andre er det ikkje, og hevdar berre rett om hekkestaden sin. Generelt er det hannfuglar som vel reirplass, og deretter lokkar til seg ei ho med song og flyging. Utstrekninga av territoriet varierer med arten, i kolonihekkarar plar hevde lite territorium, men det kan vere mykje større for dei med spreidde reirplassar. Utanfor hekkesesongen kan nokre artar danne store flokkar, og somme artar kan også kvile saman i flokkar. Ein trur det gjev vern mot predatorar som haukar og falkar. Slike kvileplassar kan vere enorme, ein vinterkvileplass for låvesvaler i Nigeria trekte til seg 1,5 millionar individ.[7] Ikkje-selskaplege artar dannar ikkje flokkar, men flygedyktige ungar hos desse artane kan vere saman med foreldra ei stund etter hekkesesongen.

Kosthald og fôring

For det meste er svalene insektetarar, dei tar flygande insekt i flukt. Artar frå heile familien har eit breitt utval av insekt på menyen, frå dei fleste grupper av insekt, men samansetjinga av bytte i dietten varierer etter art og med årstida. Individuelle artar kan vere selektive, dei vel større byttedyr heller enn tilfeldig utval av insekt.[8] Dei søkjer å unngå visse typar byttedyr, særleg vil dei unngå stikkande insekt som bier og stikkekvefs. I tillegg til ei rekkje insektbyttedyr vil somme svaler om naudsynt bruke frukt og anna plantemateriale. I Afrika har ein registrert artar som et frøa frå akasia og smalstripesvale har nytta frøa som fôr til ungane sine.[2][9]

I regelen haustar svalene byttedyr i lufta, men nokre gonger snappar dei insekt frå greiner eller rett frå bakken. Flygemønsteret er prega av fart og akrobatikk med krappe svingar og krenkingar når dei jaktar bytte som er kjappe. Mindre kjappe byttedyr kan bli tatt i eit tregare flygemønster som inkluderer sirklar og sekvensar av vengeslag følgt av glideflukt. Om fleire svaleartar beitar over same område vil dei separere i ulike nisjar basert på høgda over bakken, nokre artar beitar nær bakken medan andre held seg på eit høgare nivå. Liknande separasjon oppstår der svaler overlappar med seglarar. Det kan vere storleiken på byttedyr som avgjer valet av nisje.

Formering

Thumb
To mursvaler bygger reir av gjørme
Foto: Ken Thomas

Dei mest «primitive» artane hekkar i holrom, for eksempel i gamle hakkespettreir, andre artar grev hòler i mjukt materiale som i sandbankar.[2] Artane i slektene Hirundo, Ptyonoproggne, Cecropis, Petrochelidon og Delichon byggjer reir av gjørme som tørkar under overheng på stader som har vern både mot vêr og predatorar. Desse artane er mest vanlege i «den gamle verda», særleg i Afrika, medan holerugarar i regelen lever i «den nye verda». Artar med reir under overheng er meir sjeldne i område med mykje fuktig luft, slik luft fører til at reira smuldrar opp. Mange artar med reir i hòler og bergsprekkar hekkar i store koloniar. Hos artar med reir av gjørmematerial deltar begge kjønna i byggearbeidet, same fordeling finst hos artar som grev tunellar. I historisk tid har innføringa av menneskeskapte strukturar som låvar og bruer, saman med skogrydding, ført til ein overflod av plassar for rugekoloniar rundt om i verda, med monaleg utvida hekkeområde for enkelte artar. Fuglar som lever i store koloniar vil vanlegvis stri med både parasittisme og reirparasittisme.[10][11] Gamle hannar har størst utbytte av koloniruging, ettersom dei er i stand til å halde vedlike egne reir og å dra nytte av hyppige ekstraparkopulasjonar.

Thumb
Flygeferdige låvesvaleungar ventar på å bli fora
Foto: Mila Zinkova

Par av modne svaler er monogame,[12] og par av ikkje-trekkande artar lever ofte nær hekkeområda heile året, men berre i hekkesesongen vert reirplassen forsvart mest intenst. Trekkjande artar kjem ofte tilbake til dei same hekkeområda kvart år, og kan velje det same reirområdet om hekkinga tidlegare har vore vellukka på plassen. Generelt vil første års hekkarar velje hekkeområdet nær plasser der dei vart fødd og vaks opp.[13] Artar i tempererte område forplantar seg sesongbetont, mens subtropiske og tropiske artar kan enten vere sesonghekkarar eller hekke kontinuerleg gjennom heile året. Sesonghekkarar synkroniserer hekking med insektaktiviteten, i tropane vanlegvis i regntida, men somme artar som safirsvale får ungekull i den tørre årstida for å unngå å bli trua av flaum ved elvebreddene som er hekkehabitatet deira.[2] Alle svalene vil forsvare reiret mot eggjegerar, artar som hekkar spreidd er meir aggressive mot predatorar enn kolonirugarar.[14] Samla sett er bidraga til omsorg for ungane frå mannlege svaler den høgaste av alle familiar av sporvefuglar.[2]

Svaleegga plar vere kvite, somme artar med gjørmereir har flekkete egg. I gjennomsnitt er kullet på rundt fire-fem egg i tempererte område og to til tre egg i tropane. Rugeplikta er delt hos nokre artar, hos andre rugar hofuglen aleine. Blant dei artar der hannen tar del i ruginga varierer bidraget frå hannfuglar frå art til art, der nokre artar som mursvale deler likt, hos andre artar tar hofuglen mestepraten av ruginga. Sjølv hos artar der hannen ikkje rugar, kan hannfuglen sitje på egga for å redusere varmetap når hoa er ute. Rugeintervalla varer frå 5 til 15 minutt og vert etterfølgt av pausar med fôringsaktivitet. Rugetida er typisk 14-18 dagar.

Svaleungane er nakne ved klekking, vanlegvis med berre små duskar av dun. Auga er lukka og opnar ikkje heilt før opptil 10 dagar. Fjørene tar til å vekse etter nokre dagar, og ungane får varme frå foreldra fram til dei sjølv er i stand til å termoregulere. I det heile utviklar dei seg langsamt samanlikna med ungar i andre familiar av sporvefuglar. Vanlegvis fôrar ikkje foreldra ungane med enkeltinsekt, i staden lagar dei ein masse av frå ti til hundre insekt. Hannar hos alle artar tar del fôring av ungar. Det er vanskeleg å avgjere om svaleungar er flygedyktige, foreldra lokkar ungane ut av reiret etter tre veker, men ofte trekk ungane attende til reiret for å kvile.

Song

Svalene er i stand til å produsere mange forskjellige kall eller songar, som brukast til å kommunisere med andre av same art, under frieri, eller som varsellyd når predatorar kjem nær området. Songane frå hannar kan uttrykkje tilstanden til fuglen og ein antar at hoer kan vurdere den fysiske stoda ut frå songen og om hannar er eigna til paring.[15] Ungar nyttar tiggelydar mot foreldra for å ytre trong til fôring. Den typiske songen frå svalene er enkle, nokre gonger musikalske kvitter.

Svaler i folketrua

I samband med at svalene blir borte om hausten i tempererte område, var det i oldtida vanleg å tru at mange svaler gjekk i dvale, til og med at dei gjekk under vatn. I eventyret Jomfru Maria og svala seier jomfrua til svala: «både nyste og saks skal du bere til merke, og om vinteren skal du liggje på botnen av sjøar og tjern»,[16] vitskapen meinte også fram til 1800-talet at svala overvintra i tjern.[17][18] Aristoteles skal ha meint det same om storkar og glentar. Det finst mange munnhell og tradisjonshistorier om svaler somme av dei handlar om svaler som varslar, særleg om vêr. Også uttrykket «Ei svale gjev ingen sommar» kan ha opphav frå antikken og referer til ei historie der einkvan ser ei svale, sel vinterkleda sine, men skjelv av kulde når vinteren kjem att neste dagen.[19] Andre slike munnhell handlar om svaler som lykkefuglar, i Skåne finst ordtaket «Där svalan bygger sitt bo skall lyckan gro».[19][20]

Ordsoge

Svale kjem av norrønt svala,[21] og kan tyde 'den som rører seg hit og dit', den flagrande.[19]

Artar

Svaler i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[22] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[23]

Slekt Pseudochelidon

  • Raudaugesvale, Pseudochelidon eurystomina, African River Martin, Hartlaub, 1861, (DD)
  • Kvitaugesvale, Pseudochelidon sirintarae, White-eyed River Martin, Thonglongya, 1968, (CR)

Slekt Pygochelidon

  • Cyansvale, Pygochelidon cyanoleuca, Blue-and-white Swallow, Vieillot, 1817, (LC)
  • Fossesvale, Pygochelidon melanoleuca, Black-collared Swallow

Slekt Alopochelidon

  • Rusthovudsvale, Alopochelidon fucata, Tawny-headed Swallow, Temminck, 1822, (LC)

Slekt Orochelidon

  • Ruststrupesvale, Orochelidon flavipes, Pale-footed Swallow, Chapman, 1922, (LC)
  • Paramosvale, Orochelidon murina, Brown-bellied Swallow, Cassin, 1853 , (LC)
  • Punasvale, Orochelidon andecola, Andean Swallow, D'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)

Slekt Atticora

  • Hettesvale, Atticora pileata, Black-capped Swallow, Gould, 1858|, (LC)
  • Flaggermussvale, Atticora tibialis, White-thighed Swallow, Cassin, 1853, (LC)
  • Kvitbeltesvale, Atticora fasciata, White-banded Swallow, Gmelin, 1789, (LC)

Slekt Stelgidopteryx

  • Nordtaggsvale, Stelgidopteryx serripennis, Northern Rough-winged Swallow, Audubon, 1838, (LC)
  • Sørtaggsvale, Stelgidopteryx ruficollis, Southern Rough-winged Swallow, Vieillot, 1817, (LC)

Slekt Progne

  • Purpursvale, Progne subis, Purple Martin, Linné, 1758, (LC)
  • Kubasvale, Progne cryptoleuca, Cuban Martin, Baird, 1865, (LC)
  • Karibsvale, Progne dominicensis, Caribbean Martin, Gmelin, 1789, (LC)
  • Sinaloasvale, Progne sinaloae, Sinaloa Martin, Nelson, 1898, (VU)
  • Gråbrystsvale, Progne chalybea, Gray-breasted Martin, Gmelin, 1789, (LC)
  • Argentinasvale, Progne elegans, Southern Martin, Baird, 1865, (LC)
  • Lomasvale, Progne murphyi, Peruvian Martin, Chapman, 1925, (VU)
  • Koboltsvale, Progne modesta, Galapagos Martin, Gould, 1838, (EN)
  • Taperasvale, Progne tapera, Brown-chested Martin, Linné, 1766, (LC)

Slekt Tachycineta

  • Tresvale, Tachycineta bicolor, Tree Swallow, Vieillot, 1808, (LC)
  • Tumbessvale, Tachycineta stolzmanni, Tumbes Swallow, Philippi, 1902, (LC)
  • Kvitbremsvale, Tachycineta albiventer, White-winged Swallow, Boddaert, 1783, (LC)
  • Kvitbrynsvale, Tachycineta leucorrhoa, White-rumped Swallow, Vieillot, 1817, (LC)
  • Patagoniasvale, Tachycineta leucopyga, Chilean Swallow, Meyen, 1834, (LC)
  • Mangrovesvale, Tachycineta albilinea, Mangrove Swallow, Lawrence, 1863, (LC)
  • Bronsesvale, Tachycineta euchrysea, Golden Swallow, Gosse, 1847, (VU)
  • Talassinsvale, Tachycineta thalassina, Violet-green Swallow, Swainson, 1827, (LC)
  • Bahamassvale, Tachycineta cyaneoviridis, Bahama Swallow, Bryant, 1859, (EN)

Slekt Riparia

  • Brunstrupesandsvale, Riparia paludicola, Plain Martin, Vieillot, 1817, (LC)
  • Gråstrupesandsvale, Riparia chinensis, Gray-throated Martin, Gray, 1830, (LC)
  • Kongosandsvale, Riparia congica, Congo Martin, Reichenow, 1888, (LC)
  • Sandsvale, Riparia riparia, Bank Swallow, Linné, 1758, (LC)
  • Bleiksandsvale, Riparia diluta, Pale Sand Martin, Sharpe & Wyatt, 1893, (LC)
  • Kvitbrynsandsvale, Riparia cincta, Banded Martin, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Phedina

  • Madagaskarsvale, Phedina borbonica, Mascarene Martin, Gmelin, 1789, (LC)
  • Kongosvale, Phedina brazzae, Brazza's Martin, Oustalet, 1886, (LC)

Slekt Ptyonoprogne

  • Klippesvale, Ptyonoprogne rupestris, Eurasian Crag-Martin, Scopoli, 1769, (LC)
  • Ravinesvale, Ptyonoprogne fuligula, Rock Martin, Lichtenstein, 1842, (LC)
  • Steinsvale, Ptyonoprogne concolor, Dusky Crag-Martin, Sykes, 1832, (LC)

Slekt Hirundo

  • Låvesvale, Hirundo rustica, Barn Swallow, Linné, 1758, (LC)
  • Guineasvale, Hirundo lucida, Red-chested Swallow, Hartlaub, 1858, (LC)
  • Savannesvale, Hirundo aethiopica, Ethiopian Swallow, Blanford, 1869, (LC)
  • Angolasvale, Hirundo angolensis, Angola Swallow, Barboza du Bocage, 1868, (LC)
  • Safirsvale, Hirundo nigrita, White-throated Blue Swallow, Gray, 1845, (LC)
  • Kvitstrupesvale, Hirundo albigularis, White-throated Swallow, Strickland, 1849, (LC)
  • Trådhalesvale, Hirundo smithii, Wire-tailed Swallow, Leach, 1818, (LC)
  • Pionérsvale, Hirundo neoxena, Welcome Swallow, Gould, 1842, (LC)
  • Malabarsvale, Hirundo domicola, Hill Swallow, Jerdon, 1841, (LC)
  • Kystsvale, Hirundo tahitica, Pacific Swallow, Gmelin, 1789, (LC)
  • Kvitvengsvale, Hirundo leucosoma, Pied-winged Swallow, Swainson, 1837, (LC)
  • Kvithalesvale, Hirundo megaensis, White-tailed Swallow, Benson, 1942, (VU)
  • Perlebrystsvale, Hirundo dimidiata, Pearl-breasted Swallow, Sundevall, 1850, (LC)
  • Blåsvale, Hirundo atrocaerulea, Montane Blue Swallow, Sundevall, 1850, (VU)
  • Flomsvale, Hirundo nigrorufa, Black-and-rufous Swallow, Barboza du Bocage, 1877, (LC)

Slekt Cecropis

  • Smalstripesvale, Cecropis cucullata, Greater Striped Swallow, Boddaert, 1783, (LC)
  • Amursvale, Cecropis daurica, Red-rumped Swallow, Laxmann, 1769, (LC)
  • Singalesarsvale, Cecropis hyperythra, Sri Lanka Swallow, Blyth, 1849, (LC)
  • Tempelsvale, Cecropis striolata, Striated Swallow, Schlegel, 1844, (LC)
  • Breistripesvale, Cecropis abyssinica, Lesser Striped Swallow, Guérin-Méneville, 1843, (LC)
  • Rustsvale, Cecropis semirufa, Rufous-chested Swallow, Sundevall, 1850, (LC)
  • Halsbandsvale, Cecropis senegalensis, Mosque Swallow, Linné, 1766, (LC)
  • Rustbuksvale, Cecropis badia, Rufous-bellied Swallow, Cassin, 1853, (LC)

Slekt Petrochelidon

  • Kløftsvale, Petrochelidon rufigula, Red-throated Swallow, Barboza du Bocage, 1878, (LC)
  • Beninsvale, Petrochelidon preussi, Preuss's Swallow, Reichenow, 1898, (LC)
  • Enigmasvale, Petrochelidon perdita, Red Sea Swallow, Fry & Smith, 1985, (DD)
  • Fregnesvale, Petrochelidon spilodera, South African Swallow, Sundevall, 1850, (LC)
  • Jungelsvale, Petrochelidon fuliginosa, Forest Swallow, Chapin, 1925, (LC)
  • Hindusvale, Petrochelidon fluvicola, Streak-throated Swallow, Blyth, 1855, (LC)
  • Alvesvale, Petrochelidon ariel, Fairy Martin, Gould, 1842, (LC)
  • Eukalyptussvale, Petrochelidon nigricans, Tree Martin, Vieillot, 1817, (LC)
  • Mursvale, Petrochelidon pyrrhonota, Cliff Swallow, Vieillot, 1817, (LC)
  • Grottesvale, Petrochelidon fulva, Cave Swallow, Vieillot, 1808, (LC)
  • Perusvale, Petrochelidon rufocollaris, Chestnut-collared Swallow, Peale, 1849, (LC)

Slekt Delichon

  • Taksvale, Delichon urbicum, Common House-Martin, Linné, 1758, (LC)
  • Orienttaksvale, Delichon dasypus, Asian House-Martin, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Nepaltaksvale, Delichon nipalense, Nepal House-Martin, Moore, 1854, (LC)

Slekt Psalidoprocne

  • Korthalesagsvale, Psalidoprocne nitens, Square-tailed Sawwing, Cassin, 1857, (LC)
  • Kamerunsagsvale, Psalidoprocne fuliginosa, Mountain Sawwing, Shelley, 1887, (LC)
  • Kvithovudsagsvale, Psalidoprocne albiceps, White-headed Sawwing, Sclater, 1864, (LC)
  • Svartsagsvale, Psalidoprocne pristoptera, Black Sawwing, Rüppell, 1840, (LC)
  • Vestsagsvale, Psalidoprocne obscura, Fanti Sawwing, Hartlaub, 1855, (LC)

Slekt Pseudhirundo

  • Grågumpsvale, Pseudhirundo griseopyga, Gray-rumped Swallow, Sundevall, 1850, (LC)

Slekt Cheramoeca

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.