Svalbardposten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svalbardposten

Svalbardposten er ei avis som blei skipa i november 1948. Ho kjem ut som jamleg oppdatert nettavis og som papiravis ein gong i månaden.[1] Avisa kjem ut i hovudsak første fredag i månaden i LongyearbyenSvalbard. Svalbardposten er den nordlegaste avisa i verda og har eit opplag som er høgare enn talet på husstandar på Svalbard.

Kjappe fakta Land, Type ...
Svalbardposten
Thumb
Dei gamle lokala til Svalbardposten. Dei held no til i nye lokale på Elvesletta nord.
LandNoreg
TypeNettavis, månadsavis
Org.nummer976308344
FormatA4
GrunnlagdNovember 1948
Opplag2 636
Antall ansatte5
HovudkvarterLongyearbyen
Nettstadsvalbardposten.no
Lukk

Avisa i dag

Avisformatet er A4, noko som har sitt utspring frå då avisa blei trykt på Svalbard i eiga presse. Sidan 1996 er avisa trykt på fastlandet, men i same format som tidlegare. I dag trykkjer ein Svalbardposten i Tromsø. Avisa har fem tilsette, der tre jobbar i redaksjonen. Avisa har for det meste saker knytt til stadane Longyearbyen, Svea, Barentsburg og Ny-Ålesund. Svalbardposten har fått utmerkinga «Årets lokalavis» av Landslaget for Lokalaviser tre gonger, seinast i 2010.

Historie

Svalbardposten oppstod som ei veggavis, med normalt fire sider som blei slåtte opp på brakkene med Velferdsrådet på Svalbard som utgjevar. Ho er blitt omtala som «til tider artig», men med «ganske lite informasjon og seriøsitet» og svært lite lokalstoff. Avisa kom ut ein gong kvar veke mellom september og mai. Svalbardrådet vart skipa i 1971 og tok over som utgivar av avisa. Det førte med seg ei profesjonalisering av drifta. med meir og tyngre journalistikk, bilete og annonser. Utgivingsdagen var annakvar laurdag. Redaktørstillinga tilsetjast på åremål med inntil fire års tenestetid.

Sidan 1986 har Svalbardposten kome ut kvar fredag heile året. Etter økonomiske vanskar mot slutten av 1980-åra blei det gjort fleire omorganiseringar for å berge drifta. Justisdepartementet blei i røynda ansvarleg utgivar, ei rolle som blei endra i 1992 då Stiftelsen Svalbardposten blei skipa for å ha rolla som utgivar. Justisdepartementet skaut likevel inn grunnkapitalen til stiftinga. I 1996 blei drifta omorganisert nok ein gong, denne gongen til aksjeselskap ved opprettinga av Svalbardposten AS. Dette blei gjort for at avisa kunne få pressestønad. Svalbardposten AS har skrive ut ein aksje på 500 000 kroner, og aksjen tilhøyrer Stiftelsen Svalbardposten. I 1997 lanserte Svalbardposten eiga nettutgåve. I september 2012 la avisa om nettutgåva med betaling for nettnyhende.

Opplagstal

Meir informasjon År, Eksemplar ...
ÅrEksemplar
19932 108
19942 248
19952 357
19962 425
19972 580
19982 556
19992 871
20002 932
20012 924
20023 109
20033 224
20043 271
20053 346
20063 352
20073 140
20083 095
20092 989
20102 841
20112 772
20122 679 [2]
2013 2 561
2014 2 636 [3]
Lukk

Redaktørar

  • Kjartan Olsen 19481949
  • Thoralv Lund 19491950
  • Alf Sørensen 19501951
  • Arne Aulie 19511953
  • Karl Nusser 19531954
  • Øyvind Haddeland 19541955
  • Hans Engebretsen 19551956
  • C. E. Sollie 19561957
  • Einar Nesje 19571958
  • K. R. Nordbøe 19581959
  • Odd Sverre Knutsen 19591960
  • Alf E. Heggelund 19601961
  • Hans Engebretsen 19611964
  • Svein Jensen 19641966
  • Odd Madsen 19661967
  • Herleiv Alvheim 19671971
  • Erik Gabrielsen 19711972
  • Gudbrand Grøt 19721973
  • Herleiv Alvheim 19731976
  • Bjørn Hansen 19761977
  • Otto Risanger 19771978
  • Lilleba Knudsen (kst. 1978)
  • Kristian Hus 19781979
  • Kjetil Anthonsen 19791980
  • Pål Skogmo 19801983
  • Vibjørn Madsen 19831984
  • Svein Haaland 19841986
  • Mette Bleken 19861989
  • Kjetil Anthonsen 19891991
  • Tor Ole Ree 19911995
  • Kjetil Anthonsen 19951997
  • Nils Lorentsen 19971999
  • Arne O. Holm 19992002
  • Torbjørn Pedersen 20022004
  • Birger Amundsen 20042013
  • Eirik Palm 20132016
  • Kristin Røsvik 20162020
  • Børre Haugli 20212022
  • Line Nagell Ylvisåker (2023)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.