kanadisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Susan Aglukark, OC (inuktitutskrift ᓲᓴᓐ ᐊᒡᓘᒃᑲᖅ suusan agluukkaq), (fødd 27. januar 1967[1]) er ein kanadisk songar og låtskrivar som blandar inuittiske folkemusikktradisjonar med country og pop. Ho er ei stor stjerne i Canada, der singelen hennar «O Siem» nådde fyrsteplassen på topplista for «country and adult contemporary» i 1995. Til saman har ho gjeve ut sju studioalbum og vunne tre Juno-prisar.
Susan Aglukark | |||
| |||
Fødd | 27. januar 1967 (57 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Churchill i Manitoba | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1992– | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | EMI | ||
Verka som | songar, songar-låtskrivar | ||
Prisar | offiser av Order of Canada, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Juno Award for Breakthrough Artist of the Year, Governor General’s Performing Arts Award, Juno Award for Indigenous Artist or Group of the Year, Juno Humanitarian Award |
Aglukark blei fødd i Churchill i Manitoba og voks opp i Arviat i Nordvestterritoria (no i Nunavut).[2] Som barn opplevde ho seksuelt misbruk, og ho har uttalt seg aktivt om dette problemet blant urfolk i Nord-Ontario.[3] Etter å ha gått ut frå high school arbeidde ho i Ottawa i Ontario som lingvist ved Department of Indian & Northern Affairs. Deretter vende ho tilbake til Nortdvestterritoria for å arbeida ved den ideelle organisasjonen Inuit Tapirisat of Canada.[4]
Medan ho arbeidde for Inuit Tapirisat byrja Aglukark å opptre som songar, og blei raskt ein populær artist i inuittsamfunn. Canadian Broadcasting Corporation blei merksame på henne, og inkluderte henne i ei samling av arktiske utøvarar. I 1992 gav ho ut albumet Arctic Rose. Året etter skreiv ho kontrakt med eit større plateselskap, og gav ut eit julealbum same året.[4]
Aglukark har også vore talsperson for fleire ideelle grupper som arbeider med urfolksungdom, ikkje minst gjennom arbeidsverkstadar for ungdommar frå Attawapiskat First Nation[5] og engasjementet hennar i matkrisa i Nord-Canada.[6] Ho har likevel uttalt at sjølv om ho er stolt av å vera ein rollemodell for urfolk i Canada, ser ho mest av alt på seg sjølv som ein artist med ein universal beskjed om sjølvrespekt og styrke som ho håper menneske frå alle slags kulturelle bakgrunnar kan forstå.[7]
This Child, som kom ut i 1995, blei gjennombrotsalbumet hennar. Den fyrste singelen frå albumet, «O Siem», nådde fyrsteplassen på adult contemporary- og country-listene i Canada det året. Med dette blei Aglukark den fyrste inuittiske artisten til å ha ein hitt i Topp 40. «Hina Na Ho (Celebration)» og «Breakin' Down» blei også hittsinglar. Albumet blei til slutt sertifisert til trippel platina (300 000 selde eksemplar) i Canada.
I 2000 gav Aglukark ut Unsung Heroes, som hadde ein annan pophitt med «One Turn Deserves Another». Albumet inkluderte også songen «Turn of the Century», som handla om skipinga av Nunavut. I 2004 gav ho ut Big Feeling.
Aglukark kan ta opp vanskelege tema i songane sine. «Kathy» handlar til dømes om niesa hennar som døydde av sjølvmord, og «Still Running» tek for seg traume frå seksuelt misbruk. Aglukark har også spelt inn ein versjon av «Amazing Grace» på inuktitut.
Songen hennar «Never Be the Same» var med i Dawson's Creek i episode nr. 3–14 (Valentine's Day Massacre), medan songen hennar «One Turn Deserves Another» var med i episode 3–15 (Crime And Punishment).
Det andre julealbumet til Aglukark, Dreaming of Home, blei gjeve ut 5. november 2013.
I 2004 blei Aglukark utnemnd til æresdoktor som DFA av University of Lethbridge. Ho blei utnemnd til offiser av Order of Canada i 2005,[9] og same året fekk ho æresgraden LL.D. frå University of Alberta. Sommaren 2006 spelte ho fleire kveldar på kveldsshowet ved Calgary Stampede.
Tittel | Detaljar | Topplassering | Sertifiseringar (sales threshold) | |
---|---|---|---|---|
CAN Country | CAN | |||
Dreams for You |
|
— | — | |
Arctic Rose |
|
— | — | |
Christmas |
|
— | — | |
This Child |
|
1 | 25 |
|
Unsung Heroes |
|
— | — | |
Big Feeling |
|
— | — | |
Blood Red Earth |
|
— | — | |
White Sahara |
|
— | — | |
Dreaming of Home |
|
— | — | |
The Crossing |
|
– | – | |
"—" denotes releases that did not chart |
År | Tittel | Topplassering | Album | ||
---|---|---|---|---|---|
CAN Country | CAN AC | CAN | |||
1990 | "Searching" | — | — | — | Dreams for You |
1993 | "Little Toy Trains" | — | — | — | Christmas |
1994 | "Song of the Land" | 31 | 4 | 55 | Arctic Rose |
"Still Running" | — | 17 | — | ||
1995 | "O Siem" | 1 | 1 | 3 | This Child |
"Hina Na Ho (Celebration)" | 19 | 3 | 30 | ||
"Breakin' Down" | — | 10 | 32 | ||
1996 | "Shamaya" | 38 | — | 71 | |
"Suffer in Silence" | — | — | — | ||
1999 | "One Turn Deserves Another" | — | 19 | — | Unsung Heroes |
2000 | "Turn of the Century" | — | 55 | — | |
2004 | "Whaler's Lullaby" | — | — | — | Big Feeling |
2006 | "I Will Return" | — | — | — | Blood Red Earth |
"—" denotes releases that did not chart |
Aglukark har skrive ein serie biletbøker med historisk innhald, gjeve ut av Inhabit Media Inc. Bøkene hentar frå barndommen til bestemor hennar, og tek for seg det unike perspektivet ved å leva i Arktis på ei tid då tradisjonelle inuittverdiar byrja å blanda seg med påverknad og gjenstandar utanfrå. Banda i serien tek for seg kjensler av forventing, spenning, tap og motstandskraft som inuittane opplevde då verda deira byrja å endra seg gjennom innføringa av dei ytre påverknadane, sett gjennom augo til ei lita jente som lever i leir med familien sin.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.