Sumapaz er den 20. bydelen (localidad) i Bogotá, hovudstaden i Colombia. Det er den største av bydelane i Bogotá med flatevidda på 727,44 km2, og dannar eit smalt nord-sørareal, frå utkanten av det urbane området av byen i nord og sørover innanfor grensene til Cundinamarca-departementet mot grensene til Meta i aust og Huila lengst sør. Denne bydelen av Bogotá er landleg. Folkesetnaden var 5667 i 2007. Næringsvegar er jordbruk og husdyrhald.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sumapaz (fleirtyding).
Thumb
Plassering og omriss av Sumapaz

Historie

Området var eit viktig pilegrimsmål for muisca-urfolk i førkolumbisk tid, ettersom gudinna Bachue vart trudd å vere neddukka i Iguaque-innsjøen. Det vart oppdaga av Nicolás de Federman på leiting etter El Dorado på 1500-talet.

Sumapaz har vore scene for fleire bygdekonfliktar, inkludert dei i 1928 og 1946. La Violencia frå 1948 gav opphav til danninga av geriljagrupper enno til stades i Colombia. Ved byrjinga av 2000-talet, tok den colombianske hæren territorium frå geriljarørsler som ein del av ein anti-geriljastrategi til president Álvaro Uribe.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.