From Wikipedia, the free encyclopedia
Strengeteori er ein modell i fysikken som har som mål å skildre dei minste byggesteinane i universet. Dei fundamentale byggesteinane i strengeteorien er eindimensjonale strengar. Det vil seie at dei har ei utstrekning, i motsetnad til tidlegare modellar som har vore basert på null-dimensjonale partiklar. Analogien til strengeteori er musikk, og det vi oppfattar som energi og materie er berre frekvensen (tonen) til ein vibrerande streng. Strengeteori omfattar fleire romdimensjonar, nokre strengeteoriar baserer seg på ti dimensjonar, medan andre har så mange som 26 dimensjonar.
Strengeteorien har som mål å løyse eitt av dei store problema innan teoretisk fysikk: Å samle kvantemekanikk med den generelle relativitetsteorien for å finne den endelege «teorien om alt». Kvantemekanikk er naudsynt for å skildre fysikk over små avstandar og fram til no har ein kunna bruke denne til å skildre tre av dei fire fundamentale naturkreftene: elektromagnetismen, fargekraft og svak kjernekraft. Den generelle relativitetsteorien er ein klassisk (i motsetnad til kvantemekanikk) teori som skildrar gravitasjon. Det har vist seg at gravitasjon ikkje lar seg formulere som ein kvantemekanisk teori. Det er her ei av dei viktigaste utfordringane ligg for fysikarar i dag; å samle dei fire fundamentale naturkreftene i ein og same teori. Den til no mest vellukka strengeteorien er M-teori.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.