From Wikipedia, the free encyclopedia
Stiftelsen var ei norsk visegruppe som var verksam i tidsromma 1972–75 og 1979–82. Gruppa gjekk først under namnet Loelvens Stiftelse. Mellom dei første medlemmene av gruppa var den seinare leksikonredaktøren Petter Henriksen, og i andre fasen til gruppa var Kari Bremnes medlem. Andre medlemmer var Hans M. Borchrevink, Magnus Freberg og Hanne Kristensen.
Stiftelsen gav ut to plater: Kva hjelp det å syngje (Spellemannprisen 1974 i klassa Årets gruppe) og Stiftelsens fristelser (1981). Gruppa deltok i norsk Melodi Grand Prix 1982. I 1972 deltok gruppa på Lørdagskveld med Erik Bye på NRK.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.