amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Steven Earl «Steve» Gaines (14. september 1949–20. oktober 1977) var ein USA-amerikansk musikar. Han er mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 11. mai 1976, fram til han døydde den 20. oktober 1977, og var den yngre broren til Cassie Gaines, som var korsongar for bandet på konsertane deira.
Steve Gaines | |||
| |||
Fødd | 14. september 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seneca, Missouri i USA | ||
Død | 20. oktober 1977 (28 år) | ||
Dødsstad | Gillsburg i Mississippi i USA | ||
Fødenamn | Steven Earl Gaines | ||
Alias | Okie Crawdaddy | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–1977 | ||
Sjanger | Blues, southern rock | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Ravens (Steve's High School Band), Pink Peach Mob, Manalive, Rio Smokehouse, Detroit, Rusty Day, Crawdad, Lynyrd Skynyrd | ||
Plateselskap | MCA | ||
Verka som | musikar, gitarist | ||
Prisar | Oklahoma Music Hall of Fame |
Cassie Gaines byrja å syngje med Lynyrd Skynyrd i desember 1975, og då gitaristen Ed King slutta i bandet, leita bandet etter ein ny. Cassie tilrådde broren hennar, og etter først ha vore motvillig, let bandet Steve få kome på scenen med dei på ein konsert i Municipal Auditorium i Kansas City i Missouri den 11. mai 1976. Etter kvart fekk han bli med i bandet.
Den 20. oktober 1977, tre dagar etter albumet Street Survivors km ut, styrta flyet som flaug bandet mellom to konsertar utafor Gillsburg i Mississippi. Gaines døydde av store hovudskadar, 28 år gammal. I styrten døydde òg Ronnie Van Zant, og syster til Steve, Cassie Gaines. Den assisterande turnémanageren, Dean Kilpatrick, og dei to pilotane omkom òg.[1]
Han er emne i songen «Cassie's Brother» av rockebandet Drive-By Truckers frå 2001.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.