Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stephen Crane (fødd 1. november 1871 i Newark i New Jersey, død 5. juni 1900 i Badenweiler) var ein amerikansk forfattar og journalist.
Stephen Crane | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1. november 1871 Newark |
Død |
5. juni 1900 (28 år) |
Yrke | skribent, journalist, lyrikar, baseballspelar, romanforfattar, manusforfattar |
Språk | engelsk |
Religion | ateisme |
Far | Jonathan Townley Crane |
Mor | Mary Helen Peck Crane |
Stephen Crane på Commons |
Crane voks opp i eit strengt metodistmiljø, men etter å studert ved Lafayette College og Syracuse University braut han opp og drog til New York, der den første romanen hans, Maggie: A Girl of the Streets, blei vurdert som så sterk i uttrykksforma at ingen forleggjarar ville utgje han. Han måtte derfor låne pengar og gje ut boka for eiga rekning. Ho blir av mange rekna som den første amerikanske naturalistiske romanen. Då Crane skreiv det første utkastet til boka hadde han inga røynsle med prostitusjon eller fattigdom. Likeeins var den realistiske krigsromanen The Red Badge of Courage skrive utan at Crane hadde sett ei slagmark. Seinare arbeidde han òg som krigskorrespondent, og dekte den Den gresk-tyrkiske krigen i 1897 og Den spansk-amerikanske krigen i 1898.
Opphaldet på Cuba svekka helsa hans, og når han kom attende derfrå slo han seg ned i England, der han budde dei siste åra av livet sitt. Her blei han mellom anna kjend med forfattarkollegaen Joseph Conrad. Crane døydde 28 år gammal av tuberkulose.
Ikkje gråt barn, krigen er god.
Stephen Crane. Attdikta av Olav H. Hauge Utdrag frå «Krigen er god» (War is Kind) frå Dikt i umsetjing |
Dei beste arbeida til Crane inkluderer noveller som The Blue Hotel, The Bride Comes to Yellow Sky, The Monster og The Open Boat, som byggjer på Crane si eiga røynsle frå eit skipsforlis. Også som lyrikar bruat Crane med dei litterære konvensjonane i samtida, med dikt som Black Riders (1895) og War is Kind (1899), skrive i frie vers utan versemål eller rim. Olav H. Hauge har attdikta nokre av Crane sine dikt til norsk. Letters blei utgjeve i 1960, og The Works of Stephen Crane i 10 band mellom 1969–75.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.