Steinkobbe

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Steinkobbe

Steinkobbe eller fjordsel (Phoca vitulina) er ein sel som lever i temperert til kjølig vatn langs kystane nord i Atlanterhavet og Stillehavet. Han er den vanlegaste selen ved norskekysten,[2] med ein bestand på nesten 6000 individ. Likevel vert arten rekna som nær truga (NT) på Svalbard, men er livskraftig (LC) langs fastlandet etter Norsk raudliste for artar frå 2021.[1]

Kjappe fakta
Steinkobbe
Thumb
Steinkobbe
Utbreiing og status
Status i verda: Livskraftig
Status i Noreg: Nær truga[1]Thumb
Utbreiinga av steinkobbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Phoca
Art: Steinkobbe P. vitulina
Vitskapleg namn
Phoca vitulina
Lukk

Kjenneteikn

Thumb
Steinkobbe i akvarium

Steinkobben er gråbrun med små flekkar, og er noko lysare på undersida. Hovudet er lite og rundt og skil seg såleis frå haverten, den andre vanlege selen ved norskekysten. Hannane er større enn hoene, og kan bli heile 180 cm lange med ei vekt på 130 kg. Hoer vert inntil halvannan meter.

Levesett

Steinkobben heldt seg ofte lenger inn mot land enn det haverten gjer. Han er vanleg i mange fjorder, og kan òg gå opp i elver. Arten er selskapeleg, og lever i større eller mindre flokkar. Dei føretek få eller ingen vandringar, men heldt seg til dei same områda mesteparten av tida.

Paringstida er om hausten, og hoa går drektig i om lag 9 månadar. Kvar ho får stort sett ei unge, som veg om lag 10 kg og vert fødd på land i juni eller juli.

Steinkobben lever for det meste av fisk, men tek òg blekksprut og reker.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.