Steinerskular
From Wikipedia, the free encyclopedia
Steinerskular eller waldorfskular er skular som byggjer på steinerpedagogikk eller waldorfpedagogikk, ein utdaningsfilosofi formulert av den austerrikske filosofen Rudolf Steiner, grunnleggjaren av antroposofien. Læring i steinerskular er tverrfagleg og integrerer praktiske, kunstneriske og konseptuelle element.[1] Steinerpedagogikken legg vekt på rollen til elevane sin fantasi,[2][3][4] og utvikling av tenking som omfatter både ein kreativ og ein analytisk komponent.[5][6] Det overordna målet for pedagogikken er å gje unge menneske eit grunnlag for å utvikla seg til frie, moralske,[7][8] og integrerte individ,[2][9][10] og hjelpe kvart enkelt barn til å oppfylle si unike skjebne, som antroposofien legg vekt på eksistensen til.[11][12] Skular og lærarar har stor fridom til å utforme innhaldet i undervisinga innanfor ein kollegial struktur.[13]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |

Den fyrste steinerskulen vart grunnlagd i 1919 i tilknyting til Waldorf-Astoria-fabrikken i Stuttgart. I 2009 var det 994 steinerskular i 60 land;[14] i 2001 var det videre 1400 steinerbarnehager og 120 spesialpedagogiske institusjonar i ulike land.[15] Det finst også offentlege skular, charterskular og heimeundervisingsmiljø som byggjer på steinerpedagogikken i varierande grad,[2] og steinerpedagogiske ideer har òg ein stor påverknad på andre offentlege og private skular, særleg i USA.[16][17]
Uttrykka steinerskular og steinerskulepedagogikk vert for det meiste nytta i Danmark og Noreg; i resten av verda er skulane og pedagogikken for det meiste kjend som waldorfskular og waldorfpedagogikk.
Pedagogikk og teori om borns utvikling
Utdaningsløpet i steinerskular byggjer på Steiners syn på borns utvikling, som skildrar tre hovudfaser i barndomen (og ei rekkje underfaser), som kvar har ulike læringskrav.[18] Hovudfasene i barndomen er i hovudtrekk samanfallende med fasene skildra av Piaget.[19]
- I tidleg bandom er læring i hovudsak utforskingsbasert, imitativ og sensorisk basert.[20] Læringen legger vekt på praktiske aktiviteter.[21]
- I barneskulealderen (7-14 år) er læring sett på som som kunstnarisk og fantasibasert. I desse åra legg steinerpedagogikken vekt på å utvikle born sine emosjonelle liv og kunstnariske uttrykk gjennom ei rekkje visuelle og scenebaserte kunstnariske aktivitetar.[18]
- I ungdomen utviklar ein den abstrakte og analytiske tenkeevna[21], og vekta blir lagt på utvikling av intellektuell forståing og etiske ideal som sosialt ansvar.[18]
Steinerpedagogikken er uvanleg og kanskje unik i den konsistensen, grundigheita og kreativiteten som ligg bak det 12-årige skoleløpet, basert på born sine akademiske, emosjonelle og fysiske utvikling; dei underliggande prinsippa representerer ein pedagogisk tradisjon som går tilbake til Comenius og Pestalozzi.[22]:p. 31 Dens metodologi oppmuntrer til kollaborativ læring.[23]
Barnehage og førskule: frå fødsel til 6- eller 7-årsalderen
Steinerpedagogikken nærmar seg læring i den tidlege barndomen gjennom imitasjon og døme.[24][25] Det blir brukt mykje tid på rettleidd fri lek i klasseromsmiljø som er heimleg utforma, med naturmaterialer og som gjev døme på produktivt arbeid born kan ta del i;[18] eit slikt miljø blir oppfatta å støtte opp om born sine fysiske, emosjonelle og intellektuelle vekst gjennom assimilativ læring. Utandørs lek blir vanlegvis òg integrert i skolekvardagen. Målet er å gje born opplevelser av naturen, veret og årstidene. Steinerpedagogikken legg vekt på bruk av song, dikt og bevegelsesleker for å fremje munnleg språkutvikling. Undervisinga omfattar ein dagleg eventyrfortelling.[19]
For å styrka utvikling gjennom leik nyttar ein gjerne enkle materialar frå naturlege kjelder. Waldorfdokker er enkle for å styrke borna si fantasi og kreativitet. Steinerskular fraråder ofte at barnehagebarn og dei minste skuleborna blir for utsett mediepåvirkning gjennom fjernsyn og datamaskiner, då dei meiner dette er skadeleg for den tidlege utviklinga til born.[20][26]
Pedagogikken legg vekt på at born tidleg opplever ein dagleg og årleg rytme, herunder høgtidar frå ei rekkje tradisjonar. Tradisjonelt feirar steinerskular i den vestlege verda Mikaelsfest og Martinsdag om høsten, jul om vinteren, påske om våren og Sankthans om sommeren.[27] I økende grad har andre kulturelle og religiøse tradisjoner blitt en del av skolehverdagen.[28] I andre verdsdeler, slik som Israel, muslimske eller buddhistiske land, er dei viktigaste høytidene henta frå desse kulturane.
Barneskule: frå 6- eller 7-årsalderen til 14-årsalderen
I steinerskulane byrjar borna på skulen når dei er eller nærmar seg sju år. Barneskulen fokuserer på eit tverrfagleg kunstbasert pensum med vekt på visuell kunst, bevegelseskunst (eurytmi), vokal og instrumentell musikk og handverk.[29] I barneskulen lærar elevane to framandspråk (i Noreg tysk og engelsk, og i engelskspråklege land vanlegvis tysk og anten fransk eller spansk).
Dei fyrste åra blir elevane fyrst presenterte for lærestoffet gjennom forteljingar og bilete, og det faglege lærestoffet er integrert med visuell og plastisk kunst, musikk og bevegelse.[30] Undervisningen er i liten grad basert på standardiserte lærebøker;[22] i stedet lager hver elev sin egen silkebok med tekster og illustrasjoner.[31] Skulekvardagen byrjar normalt med hovudfag, som er ein skuletime på mellom halvannan time og to timar som fokuserer på eit enkelt tema over inntil ein månad.[6]
Det er eit mål for dei fleste steinerskular at klassene har same klasseforstander gjennom heile barneskulen, og at klasseforstanderen skal undervise i dei viktigaste faga dei fyrste åra.[6]
Steinerpedagogikk dei fyrste åra i barneskulen er basert på inviduelle variasjonar i læringshastigheita, bygd på føresetnaden om at eit barn vil forstå eit konsept eller oppnå ein ferdighet når han eller ho er reie.[12] Samarbeid anses som viktigere enn konkurranse.[11][32]
Ungdomsskule og vidaregåande skule
Frå ungdomsskulen av blir elevane undervist i langt større grad av fagspesialiserte lærarar. Undervisinga fokuserer langt sterkare på akademiske ferdigheter enn i barneskulen,[33] men elevane fortset å få undervising i kunstartene, musikk og handverk.
Elevane blir oppmuntra til å utvikle sin sjølvstendige og kreative tenkeevne. Pensumet er strukturert for å hjelpe elevane å utvikle ei kjensle av kompetanse, ansvar og meining,[5]:144 og for å styrke ei forståing av etiske prinsipp og sosialt ansvar.[18]
Pensum
Det finst retningslinjer for læringsinnholdet i steinerpedagogikken som det er stor semje om;[34][35][36] dei einskilde skulane er likevel sjølvstendige institusjonar som ikkje er pålagt å følgje eit fastsett pensum. Statsfinansierte steinerskular er i endel tilfelle pålagt å inkorporere delar av pensumet til dei offentlege skulane. Steinerpedagikken har sidan starten vore bygd på føresetnaden om dei mange intelligensane.[37]
Det er nokre fag som stort sett er unike for steinerskulane. Blant desse er eurytmi. Faget har til føremål å gje elevar og klassar «ei kjensle av integrasjon og harmoni».[11] Kunstartene har ein viktig plass i steinerpedagogikken, og integreringa av kunstartene i steinerskulane har vorte halde fram som eit døme for andre skuleslag.[38]
Opphav og historie

Steinerskulane voks fram i oppbruddstida i Tyskland etter fyrste verdskrig, i samanheng med tregreningsrørsla og andre sosiale initiativ som hadde vakse fram med antroposofien som utgangspunkt. Rudolf Steiner skreiv si fyrste bok om pedagogikk[39] i 1907. Den fyrste skulen basert på tankane til Steiner opna i 1919. Direktøren ved Waldorf Astoria-fabrikken i Stuttgart, Emil Molt, bad Steiner om å bistå med opprettinga av ein skule for dei tilsette ved fabrikken. Denne skulen gav namn til skuleslaget og pedagogikken kjend som waldorfskular og waldorfpedagogikk i dei fleste landa, og som steinerskular og steinerpedagogikk i einskilde land. Skulen i Stuttgart voks raskt og etter kort tid var dei fleste elevane ikkje knytt til Waldorf Astoria-fabrikken.
Etter invitasjon frå professor Millicent Mackenzie presenterte Steiner dei pedagogiske ideane sine i Oxford sommaren 1922, og dette førte til ein oppblomstring av steinerpedagogikk i Storbritannia. I Steinar sine eiga levetid vart det skipa skular som bygde på hans filosofi i Hamburg, Essen, Haag og London, og fleire nye skular vart oppretta i åra etter døden hans. Den fyrste norske skulen, Rudolf Steinerskolen i Oslo, vart grunnlagd året etter av ein arbeidsgruppe med m.a. Bokken Lasson. I 1938 fanst det ei rekkje steinerskular i USA, Storbritannia, Sveits, Nederland, Noreg, Austerrike, Ungarn og Tyskland. Dei fleste skulane i Europa måtte stenge på grunn av naziregimets fiendtlege haldning til dei, og berre skulane i Storbritannia og einskilde nederlandske skular kunne fortsetje aktiviteten. Skulane opna igjen etter andre verdskrigen.[40] I juni 2009 var 994 steinerskular på verdensbasis.[14]
Tradisjonelt har steinerskulane vore forankra i Europa. Antal skular utanfor Europa har auka dei seinare åra, noko som har ført til ein revurdering av delar av pensumet til skulane for å tilpasse dei andre kulturar.[41]
Organisering
Steinerpedagogikken har som føresetnad at alle skular (ikkje berre steinerskular) bør vere selvstyrte og at lærarar i høg grad bør ha kreativ og fagleg fridom;[29][30][42] Dei fleste steinerskulane har ikkje nokon rektor, men blir i staden styrt kollegialt av lærarkollegiet. Ved endel skular delegerast rollar som pedagogisk leiar og forvaltningsleiar av lærarkollegiet.
Foreldra ved skulane blir oppfordra til å delta aktivt i liva til skulane.[11]
Steinerskulane har samarbeidsorgan/-organisasjonar både på nasjonalt og internasjonalt plan (t.d. Forbundet Steinerskolene i Norge, International Association for Waldorf Education og European Council for Steinar Waldorf Education). Desse organisasjonane gir godkjenning som steinerskular, og har ei viktig rolle i utarbeiding av rettleiande læreplanar. I nokre land er steinerskulane òg godkjent av offentlege styresmakter.
Sosialt engasjement
Steinerskular freistar å styrka elevane sitt sosiale ansvar,[43] respekt og medkjensle, å utvikla deira samarbeidsevner og å førebu elevane på bidra til kulturell og samfunnsmessig fornying;[44] studier har vist at steinerskuleelever i uvanleg høy grad er orientert mot å forbedre samfunnet og har et mer positivt syn på fremtiden.[45] Studier i Tyskland og Sverige har også synt at steinerskuleelevar har større toleranse for svake grupper i samfunnet og mindre toleranse for rasisme, er særmerkt av større ansvar i sosiale og moralske spørsmål, er meir oppteke av at val skal byggje på eigen tenking, har mindre toleranse for mobbing og er meir oppteke av miljøspørsmål enn elevar i offentleg skule.[46][47][48][49] Utdanningsfilosofien har vorte løfta fram for si vekt på fred og toleranse.[50]
Interkulturelle forbindingar i polariserte samfunn
Steinerskular har bidrege til brobygging mellom polariserte samfunn fleire stadar i verda.
- Under apartheidregimet i Sør-Afrika var steinerskulane dei einaste kor svarte og kvite gjekk i same klasser, til trass for at dette førte til at skulane mista statsstøtte. Den steinerpedagogiske lærarskulen i Cape Town, Novalis Institute, har blitt løfta fram av UNECO som ein organisasjon med stor viktigheit for overvinninga av apartheid. I følgje UNESCO førebudde den grunnen for eit nytt og integrert samfunn.[50][51]
- I Israel har steinerskulen i den antroposofiske kibbutzen Harduf både jødiske og arabiske elevar og lærarar, og har omfattande kontakt med omkringliggande arabiske samfunn.[52] Den driv òg ein arabiskspråkleg lærærhøgskule for steinerpedagogikk.[53] I Hilf utenfor Haifa er det grunnlagd ein arabisk-jødisk steinerbarnehage, den fyrste felles arabisk-jødiske barnehagen i Israel.[54][55]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.