Steinar Nilsen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Steinar Nilsen (fødd 1. mai 1972) er ein tidlegare norsk fotballspelar frå Tromsø.
Steinar Nilsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mai 1972 (52 år) Tromsø kommune |
Idrett | fotball |
Som fotballspelar spelte han i fleire år midtstoppar for Tromsø IL, før han vart seld til AC Milan. Der fekk han lite speletid, men scora mellom anna eit flott mål i cupen. Seinare vart han seld til SSC Napoli der han spelte fast ein periode før han vart skada. Her var han mellom anna kaptein. Steinar Nilsen spelte òg på landslaget.
Han kom heim til Noreg og Tromsø IL, der han spelte to sesongar før han la opp. Både i 2005 og 2006 tok han over treneransvaret i klubben etter at hovudtrenarane fekk sparken, og frå sommaren 2006 og ut 2008-sesongen hadde han hovudtrenaransvaret i Tromsø. Etter sesongen sa han opp som trenar for å søke nye utfordringar og 21. november 2008 skreiv han under ein 3-årskontrakt med Sportsklubben Brann. Etter ein dårleg start på 2010-sesongen med Brann trekte Nilsen seg frå stillinga i mai dette året.
Roger Nilsen er hans eldre bror.
Nilsen spelte to landskampar i 1997-98. I den andre kampen var han med å slå Dnamark 2-0 i København, etter mål av Øyvind Leonhardsen og Tore Andre Flo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.