Stabæk Fotball

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stabæk Fotball (stifta 16. mars 1912) er eit fotballag frå Bærum som spelar i Eliteserien (2020). Blant merittane til klubben finst eitt seriegull (2008), éin sølvmedalje (2007) og tre bronsemedaljar i Tippeligaen, eitt NM-gull frå 1998 og eitt NM-sølv frå 2008 og eitt superfinalegull frå 2009.

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...
Stabæk
Fullt namnStabæk Fotball
KallenamnDe Blaa
Grunnlagd16. mars 1912
HeimebaneNadderud stadion
(kapasitet: 7 000)
HovudtrenarJan Jönsson
SupporterklubbStabæk Support
LigaEliteserien
Thumb
Thumb
Heimedrakt
Thumb
Thumb
Bortedrakt
Noverande sesong
Lukk

Frå og med 2009 har Stabæk òg eit kvinnefotballag i toppen, etter at Asker Skiklubbs fotballag, Asker Fotball Kvinner vart innlemma i klubben, under namnet Stabæk Fotball Kvinner.

Historie

Stabæk IF vart stifta i Løkkeveien 24 i Bærum i 1912. Stabæk er blitt kalla ein oskeladd i norsk toppfotball. Ei gruppe visjonære leiarar, mellom anna Ingebrigt Steen Jensen og Peder Stian Madsen, bestemte seg på slutten av 1980-talet for å gjere Stabæk til ei stormakt i norsk fotball, under mottoet «Ullevaal 95». Namnet synte til at ein skulle spele cupfinale i 1995. Laget gjekk raskt frå 4. divisjon til Tippeligaen, og debuterte der i 1995. Noko cupfinale vart det ikkje det året, men i 1998, då Rosenborg vart slått 3–1 etter ekstraomgangar. Thomas Finstad og Helgi Siggurdson scora eitt mål kvar i ekstraomgangane.

Etter å ha rykt ned i 2004, vann Stabæk 1. divisjon og rykte dermed opp igjen til Tippeligaen i 2005. I 2006 kom dei på femte plass i Tippeligaen og Daniel Nannskog vart toppscorar i ligaen. Året etter tok klubben sølv, bak Brann som vann.

Stabæk vann Tippeligaen 2008 og tok sitt første seriegull ved å slå Brann 1-2 på Brann stadion i Bergen. Gullet vart feira etter 6-2-sigeren mot Vålerenga på eit fullstappa Nadderud stadion i nest siste serierunde. Dette var planlagt å vere den siste kampen til klubben på Nadderud stadion; heretter skulle klubben spele på nye Fornebu stadion, som etter ein avtale med Telenor vart heitande Telenor Arena. Sesongen vart avslutta med NM-sølv etter tap for Vålerenga i finalen på Ullevaal stadion. I 2009 byrja Stabæk sesongen med å vinne nok ein tittel ved å slå Vålerenga 3-1 i superfinalen rett før seriestart i Telenor Arena. Sesongen byrja langt dårlegare i serien, der Stabæk låg på nest siste plass med sju poeng etter åtte rundar. Tre rundar seinare, borte mot Aalesund FK, kom det absolutte botnpunktet prestasjonsmessig, noko som skulle vise seg å markere starten på ein lang opptur, - ein opptur som sendte Stabæk inn i sølvstriden mot Molde, og til slutt gav bronse. 2010-sesongen enda med ein historisk svak 12. plass, Stabæks dårlegaste plassering sidan nedrykksåret 2004. Sesongen var prega av skadar samt utryggleik rundt trenarsituasjonen. 2012-sesongen enda med at Stabæk rykte ned etter den dårlegaste sesongen i Tippeligaen nokon gong. I 2013 spelar dei i Adeccoligaen.

Telenor Arena

For meir om dette emnet, sjå Telenor Arena.
Thumb
Telenor Arena
Thumb
Nadderud stadion

Nesten på dagen ti år etter at ideen om han vart klekt, stod Stabæks nye heimebane (Noregs første innandørs Tippeliga-arena), Telenor ArenaFornebu, klar til sesongen 2009. Det er ein innandørs multibruksarena som kan huse over 15 000 menneske på fotballkampar og andre sportsarrangement, og inntil 23 000 menneske på konsertar. Telenor betalte 115 millionar kroner i ein større sponsorpakke der stadionnamnet inngår.[1] Den første treningskampen var mot IFK Gøteborg 24. januar 2009. Kampen enda 0-0. Det første målet laga Rosenborgs Trond Olsen i ein treningskamp 27. februar 2009. 8. mars 2009, i den første offisielle kampen, Supercupfinalen mellom Stabæk og Vålerenga, kom heimelagets første siger på eige kunstgras med 3-1. I serien starta det litt tyngre på den nye arenaen, med tre uavgjorte og eitt tap på dei fire første. Med sin første siger i serien på Telenor Arena (4-1 mot Sandefjord 16. mai 2009) innleia Stabæk ein imponerande statistikk med ti sigrar på elleve seriekampar.

Den nye arenaen vart aldri utseld i løpet av det første året – i sterk kontrast til Nadderud, som året før var utseld til tolv av tretten seriekampar. Med ein langt større tilskodarkapasitet sørgde Telenor Arena likevel for ein kraftig auke i tilskodartalet for Stabæk, frå eit rekordsnitt på ca. 5 800 i 2008 til knappe 9 500 i 2009. Og det i eit år der dei fleste konkurrentane opplevde ein nedgang i tilskodartala. I 2010 gjekk derimot tala ned att til rundt 8000, og føre 2011-sesongen var det lenge usikkert om Stabæk i det hele tatt ville spele på Telenor Arena etter krangel om leigepriser og eigarrett. Mange supporterar av klubben har uttrykt stor skepsis til arenaen, og meiner han blir for stor og kunstig, og ønsker seg eit nytt stadion eller utbygd Nadderud.[treng kjelde]

Etter 2011-sesongen vart det bestemt at Stabæk skulle vende tilbake til Nadderud stadionBekkestua, etter at ein ikkje fann noko løysing på Fornebu.

Trenarar

Henning Berg har vore hovudtrenar.

Meir informasjon Trenar, Periode ...
TrenarPeriodeNasjonalitetMerknad
Petter Belsvik2012-Flagget til Noreg-
Jörgen Lennartsson2011-2011Flagget til Sverige-
Jan Jönsson2005-2010Flagget til Sverige-
Pål Berg2004Flagget til NoregSiste fire kampar
Gaute Larsen2001-2004Flagget til NoregFekk sparken fire rundar før slutt i 2004
Anders Linderoth1998-2001Flagget til Sverigetrekte seg i mai 2001, etter 8-1-tap for Brann i Bergen
Hans Backe1996-1997Flagget til Sverige-
Lars Tjernås1993-1995Flagget til Noreg-
Lukk

Merittar

Øvrige

Europa

Mesterligaen
Meir informasjon Sesong, Runde ...
Sesong Runde Motstandar Heime Borte Samanlagt
2009–2010 2 Flagget til Albania KF Tirana 4–0 1–1 5–1
2009–2010 3 Flagget til Danmark FC København 0–0 1–3 1–3
Lukk
Europaligaen
Meir informasjon Sesong, Runde ...
Sesong Runde Motstandar Heime Borte Samanlagt
1998–1999 1 (Intertoto-cup) Flagget til Serbia FK Vojvodina 1–2 2–3 3–5
1999–2000 1 (UEFA-cup) Flagget til Spania Deportivo dei La Coruña 1–0 0–2 1–2
2002–2003 1 (UEFA-cup) Flagget til Nord-Irland Linfield FC 4–0 1–1 5–1
2002–2003 2 (UEFA-cup) Flagget til Belgia RSC Anderlecht 1–2 1-0 2–2
2004–2005 1 (UEFA-cup) Flagget til Finland FC Haka 3–1 3–1 6–2
2004–2005 2 (UEFA-cup) Flagget til Frankrike FC Sochaux-Montbéliard 0–5 0–4 0–9
2008–2009 2 (UEFA-cup) Flagget til Frankrike Stade Rennais FC 2–1 0–2 2–3
2009–2010 Play-off Flagget til Spania Valencia CF 0–3 1–4 1–7
Lukk

Statistikk

Spelarane med flest mål gjennom tidene[2]:

  1. Daniel Nannskog 118 mål
  2. Veigar Páll Gunnarsson 100 mål
  3. Petter Belsvik 75 mål
  4. Thomas Finstad 54 mål
  5. Tom Fodstad 54 mål
  • Største siger: 14–0 borte mot Vestfossen IF 12. mai 2008 (cupen, 1.runde)
  • Største tap: 1–8 borte mot Brann 24. mai 2001, 0-7 heime mot Lillestrøm 20. mars 2011
  • Raskaste mål: 23 sekunder (Veigar Páll Gunnarsson borte mot FK Haugesund 8. mai 2011)

Kjende tidlegare spelarar

Resultat år for år

Meir informasjon Sesong, Nivå ...
Sesong Nivå Plass. Kampar Siger Uavg. Tap Mål for Mål mot Poeng NM Anna
1963 IV 5 14
1964 IV 5 1412712
1965 IV 3 14 3. runde
1966 IV 1 14 opprykk
1967 III 5 14626 311914 3. runde
1968 III 1 141013 311621 2. runde opprykk
1969 II 2 14815 251517
1970 II 3 14545 171314 kvartfinale
1971 II 4 14545 152014 2. runde
1972 II 4 18855 231321
1973 II 9 183312 16369 nedrykk
1974 III 6 18747 353518 3. runde
1975 III 8 186210 222714
1976 III 9 18477 252515 nedrykk
1977 IV 2 18963 341924 1. kv. runde
1978 IV 3 181044 382124 1. kv. runde
1979 IV 1 181170 371329 2. kv. runde Opprykk
1980 III 5 22967 292824 2. kv. runde
1981 III 7 22949 363922 2. runde
1982 III 11 226412 164516 2. kv. runde nedrykk
1983 IV 5 22868 413722 1. kv. runde
1984 IV 12 221318 29835 2. kv. runde nedrykk
1985 V 2 181134 522525 deltok ikke opprykk
1986 IV 11 225710 224217 1. kv. runde nedrykk
1987 V 1 181413 531129 deltok ikke opprykk
1988 IV 4 221057 342035 1. kv. runde
1989 IV 2 221363 451945 1. kv. runde
1990 IV 1 221345 482343 1. kv. runde opprykk
1991 III 2 221255 391941 1. runde
1992 III 3 221273 602343 2. runde
1993 III 1 221624 512650 2. runde opprykk
1994 II 2 221336 433242 3. runde opprykk
1995 I 9 269611 364033 4. runde
1996 I 6 26998 474536 kvartfinale
1997 I 5 261349 333543 kvartfinale Intertoto Cup
1998 I 3 261655 632953 Norgesmester UEFA Cup
1999 I 5 261448 584946 4. runde
2000 I 5 261268 593342 3. runde
2001 I 4 261439 453945 4. runde UEFA Cup
2002 I 5 261268 483442 semifinale
2003 I 3 261196 513542 4. runde UEFA Cup
2004 I 13 267613 254027 semifinale nedrykk
2005 II 1 302073 632367 kvartfinale opprykk
2006 I 5 261097 533639 3. runde
2007 I 2 261466 533848 semifinale UEFA Cup
2008 I 1 261664 582454 finale Champions League
2009 I 3 301587 523453 kvartfinale UEFA Europa League
2010 I 12 3011613 464739 3. runde
2011 I 10 3011613 445039 3. runde
2012 I 16 305223 256917 3. runde Nedrykk
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.