From Wikipedia, the free encyclopedia
Speed of Life er det 26. studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Nitty Gritty Dirt Band. Det nådde 59. plassen på den amerikanske country-albumlista.
Speed of Life Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band | ||
Utgjeve | 2009 | |
Sjanger | Country, countryrock, folkrock, bluegrass | |
Lengd | 45:34 | |
Selskap | NGDB | |
Produsent | George Massenburg, Jon Randall Stewart | |
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi | ||
---|---|---|
Welcome to Woody Creek (2004) |
Speed of Life |
|
Det var det første studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band på fem år. Tre av dei originale medlemmane i bandet var framleis med, men det mangeårige medlemmet Jimmy Ibbotson hadde slutta på dette tidspunktet. Albumet vart spelt inn live i studio i Nashville med George Massenburg og Jon Randall Stewart som produsentar. I tillegg til medlemmane Jeff Hanna, Jimmie Fadden, Bob Carpenter og John McEuen, fekk dei med seg studiomusikarane Glenn Worf på bass, Richard Bennett på gitar og Vince Santoro på trommer, i tillegg til korvokalistar som Matraca, Jessi Alexander og Jaime Hanna.
Allmusic skreiv om albumet: «Albumet syner at NGDB noko ein gong har oppfunne seg sjølv på nytt. Ingenting her er glatt Nashville-stil. Det kjennest organisk ut, som innspelinga deira på midten av 1970-åra, men er likevel ganske lyttarvennleg. Desse gamle karane kan framleis skine, har mykje country-soul og eitt og anna å lære ungdomen.»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tulsa Sounds Like Trouble to Me» | Shawn Camp, Mark D. Sanders | 4:36 |
2. | «Brand New Heartache» | Jeff Hanna, Donny Lowery | 3:11 |
3. | «The Resurrection» | Matraca Berg, Alice Randall | 4:13 |
4. | «Somethin' Dangerous» | Bob Carpenter, Tom Kell, Phil Soussan | 3:25 |
5. | «Going Up the Country» | Alan Wilson | 4:15 |
6. | «Jimmy Martin» | Phil Madeira, Jimmie Lee Sloas | 3:35 |
7. | «Lost in the Pines» | John McEuen | 1:05 |
8. | «Speed of Life» | Gary Scruggs | 3:37 |
9. | «Amazing Love» | Bob Carpenter, Jeff Hanna, Tom Kell | 4:06 |
10. | «Stuck in the Middle» | Joe Egan, Gerry Rafferty | 3:42 |
11. | «Earthquake» | Bob Carpenter, John McEuen | 3:23 |
12. | «Tryin' to Try» | Jimmie Fadden, Guy Clark | 2:49 |
13. | «Good To Be Alive» | Matraca Berg, Troy Verges | 3:37 |
Andre musikarar
Liste (2009) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Top Country Albums | 59 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.