Sortlandsbrua er ei spennbetongbru (bogebru) som går over Sortlandssundet mellom Langøya og Hinnøya og ligg i Nordland fylke. Ho er ein del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 948 meter, med lengste spenn 150 meter. Seglingshøgda er 30 meter, og brua har i alt 21 spenn. Hovudspennet er fundamentert på 30 meters vassdjupn med hjelp av senkekassar.
Sortlandsbrua | |||
Type | vegbru, Fritt frambyggbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Vesterålen | ||
Opna | 4. juli 1975 | ||
Strekning | Riksveg 85 | ||
Lengd | 948 meter | ||
Fri høgd | 30 m | ||
Største spenn | 150 m | ||
Kryssar | Sortlandssundet | ||
Materiale | spennarmert betong | ||
Sortlandsbrua 68.706668°N 15.427895°E |
Sortlandsbrua vart teken i bruk 4. juli 1975, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som ein del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.
Sortlandsbrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.
Dei andre Vesterålsbruene er Andøybrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.
Før Sortlandsbrua vart bygd var ferjestrekninga mellom Sortland på Langøya og Strand på Hinnøya ei av dei aller travlaste i Noreg.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.