Soria Moria-erklæringa
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Soria Moria-erklæringa er ei nemning på dei raud-grøne samarbeidspartia sitt grunnlag for andre Stoltenbergregjeringa. Regjeringa vart danna etter at partia vann fleirtal i Stortinget i Stortingsvalet 2005. Erklæringa skal etter planen avklara moglege stridsspørsmål, og danna eit politisk grunnlag for regjeringa. Samarbeidspartia er Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Partileiarane Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Åslaug Haga leia forhandlingsutvalet frå kvart av partia. Namnet på erklæringa kjem av Soria Moria Hotell i Oslo, der forhandlingane om erklæringa gjekk føre seg frå 26. september. Hotellet er oppkalla etter Soria Moria slott. Erklæringa vart lagd fram den 13. oktober. Partia stod då fram og sa at erklæringa gjev grunnlag for danning av ny regjering. Regjeringa vert formelt danna den 17. oktober.
Soria Moria-erklæringa på Wikikilden (frie originaltekstar) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.