Sophus Pihl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sophus Theodor Pihl (fødd 23. mars 1840 på Sjælland død 17. april 1888 i Bergen, daud 17. april 1888 i Bergen) var dansk snikkarsvein og agitator. Han vart ein av pionérane i norsk arbeidarrørsle, og var saman med Carl Jeppesen den som var mest aktiv arbeidet for å spreia sosialismen i Noreg.
Pihl forlét Danmark etter mellom anna å ha vorte dømd til fengsel i åtte månader (og sona elleve) fordi han freista å organisera sosialistar. Han hadde budd sju år i eksil i Sør-Afrika før han kom til Bergen i 1885. I juni same året starta han den første sosialdemokratiske avisa i Bergen, Arbeidervennen, og deretter Den demokratiske Arbeiderforening. Pihl vert rekna som grunnleggjaren av den sosialdemokratiske avisa, arbeidarrørsla og av bustadssamvirket i Bergen.
Det er reist ein bauta over han på Møllendal gravplass, og ei av gatene i byen har fått namn etter han.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sophus Pihl» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
- Sophus Pihl i Norsk biografisk leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
