Sophie av Mecklenburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sophie av Mecklenburg (4. september 1557–4. oktober 1631) var dotter av hertug Ulrik III av Mecklenburg-Güstrow og Elisabeth av Danmark og dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskapet med Fredrik II av Danmark-Noreg. Fredrik var syskenbarnet hennar og 23 år eldre. Dei gifta seg 20. juli 1572.[1]
Sophie av Mecklenburg | |||
Sophie av Mecklenburg | |||
Fødd | 4. september 1557 Wismar i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Død | 4. oktober 1631 (74 år) Nykøbing slott i Danmark | ||
Tittel | Dronning av Noreg og Danmark | ||
Regjeringstid | 1572-1588 | ||
Føregangar | Dorothea av Sachsen-Lauenburg | ||
Etterfylgjar | Anna Kathrine av Brandenburg | ||
Land | Hertugdømmet Mecklenburg-Schwerin | ||
Mor | Elisabeth av Danmark | ||
Far | Ulrik III av Mecklenburg-Güstrow | ||
Ektefelle | Fredrik II av Danmark-Noreg | ||
Barn | Elisabeth av Danmark, Anna av Danmark, Kristian IV av Danmark-Noreg, Ulrik av Danmark, Augusta av Danmark, Hedevig av Danmark, Hans af Danmark | ||
Signatur |
Sophie var frå Wismar i Mecklenburg, ein plass i Nord-Tyskland. Mor hennar var dotter av Fredrik I og hans andre ektefelle Sophie av Pommern.[2]
Ein kjenner ikkje til noko om oppveksten hennar og det er først då ho gifta seg med Fredrik at ho blir omtala. Ekteskapet var arrangert og pressa gjennom av Riksrådet som ville ha ein ende på Fredriks ungkarsliv.[1] Ekteskapet blei likevel harmonisk og i dagboksnotata sine omtalar Fredrik ektefellen som «min Soffye».[3] Ho var med han på reiser rundt i landet, men blanda seg aldri inn i regjeringssaker. Ho samla på folkeviser og oppmuntra Anders Sørensen Vedel til å gje ut Danske Viser.
Sophie blei enkje 31 år gamal. Sonen Kristian var berre 11 år og for ung til å ta over trona. Det blei difor sett inn ei formyndarregjering. Etter at Fredrik II døydde blanda Sophie seg inn i politikken og prøvde å skaffe dei yngre sønene sine del i hertugdømma. I 1594 blei ho tvinga til å trekkje seg attende til sitt livgeding på Nykøbing slott på Falster.[1] Dei økonomiske evnene hennar som godseigar gjorde at ho etterlet seg ein stor formue. Sophie er gravlagd i Roskilde domkyrkje.
Fredrik og Sophie fekk sju born; Elisabeth (1573), Anna (1574), Kristian (1577), Ulrik (1578), Augusta (1580), Hedevig (1581) og Hans (1583). Dottera Anna gifta seg med Jakob VI av Skottland og I av England.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.