From Wikipedia, the free encyclopedia
Sonia O’Sullivan (fødd 28. november 1969) er ein irsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på mellom- og langdistansane. Ho vann tre gullmedaljar i europameisterskap; 3000 m i 1994 og 5000 m og 10 000 m i 1998, samt ei gullmedalje i verdsmeisterskap; 5000 m i 1995. I tillegg vann ho to EM-sølv, eitt OL-sølv og eitt VM-sølv.
Sonia O’Sullivan | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 28. november 1969 (54 år) Cobh |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Honda Sports Award for Cross Country |
I tida 1992-2002 var O’Sullivan alltid å rekne med når ho stilte til start i dei store meisterskapane. Under dei olympiske leikane i Barcelona i 1992 vart ho nummer fire på 3000 m, mindre enn to tidels sekund bakom bronsevinnar Angela Chalmers frå Canada. Året etter reiste O’Sullivan heim frå verdsmeisterskapen i Stuttgart med ein sølvmedalje på 1500 meter og ein ny fjerdeplass på 3000 meter.
Hennar fyrste store triumf kom i friidretts-EM 1994 i Helsinki, der ho i einsam majestet sprang inn til gull på 3000 meter. Ein månad før meisterskapen sette ho personleg rekord med 8.21,6 då ho vann ei tevling i London. Sitt livs raskaste 1500 m gjorde ho unna den 25. juli 1995 i Monaco, ho vart då klokka inn på 3.58,8. Under VM i friidrett 1995 vann ho si andre gullmedalje, men då på 5 000 meter og tida 14.46,4. Ho deltok også på 5000 m i dei olympiske sommarleikane 1996, der magesmertar førte til at ho braut finalen. Også friidretts-VM 1997 vart ein nedtur ettersom ho vart nummer åtte på 1500 meter og slått ut i forsøksløpet på 5000 meter.
Våren 1998 sigra O’Sullivan i verdsmeisterskapen i terrengløp. Eit lite halvår seinare vart ho dobbelmeister under europameisterskapen i Budapest då ho vann både 5 000 meter og 10 000 meter. Langspurtar i begge desse tevlingane knekte høvesvis Gabriela Szabo frå Romania og Fernanda Ribeiro frå Portugal, to av hennar sterkaste konkurrentargjennom mange år.
O’Sullivan tevla ikkje i 1999, ettersom ho fødde ei dotter. OL-sesongen 2000 var ho tilbake på friidrettsbanen og tok sølvmedaljen på 5000 meter i Sydney-OL etter, einast Gabriela Szabo var betre. På 10000 meter enda O’Sullivan på sjetteplassen. Ho presterte sine aller beste løp på distansane; 14.41,0 på halvmila og 30.47,5 på mila.
Etter å ha fødd barn nummer to kom ho sterkt tilbake i EM 2002, med andreplassar både på 5000 meter og på 10000 meter. På 5000 m vart ho slått på målstreken av spanske Marta Domínguez. Sullivan deltok både i VM 2003, der ho enda på 15. plass på 5000 meter, og i Sommar-OL 2004, der hamna ho på fjortandeplassen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.