From Wikipedia, the free encyclopedia
Solothurn (fransk Soleure, italiensk Soletta, retoromansk Soloturn) er hovudstad i kantonen Solothurn i Sveits. Kommunen har 16 163 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6 km². Kommunesenteret ligg 430 meter over havet. Byen utgjer den einaste kommunen i distriktet med same namn. Byen ligg 36 km nord for Bern, ved elva Aare og foten av Jurafjella.
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Han har stor verkstadindustri, hovudsakleg jern- og metallvare- og maskinindustri og produksjon av instrument. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og kjend for den vakre barokkarkitekturen.
Gamlebyen ligg ved breidda av Aare og er dominert av mange vakre bygg frå renessansen og barokken, mellom anna St. Ursen-katedralen frå 1763–1773 og eit rådhus frå 1400-talet. Den gamle bymuren er delvis bevart med tårn. Byen har store naturhistoriske og arkeologiske samlingar, måleri- og kunsthandverkssamlingar i bymuseet. Solothurn er biskopssete for Basel stift av den romersk-katolske kyrkja; St. Ursen-katedralen i Solothurn er domkyrkje for stiftet.
Solothurn har eit rikt kulturliv, og er mellom anna kjend for film- og litteraturdagane.
Solothurn heitte i romersk tid Salodurum og det låg eit romersk kastell her. Byen vart fri riksstad i 1218 og slutta forbund med Bern. I 1481 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet.
«Solothurn/by» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.